Økonomikonsulent (førstekonsulent) - Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Søknadsfrist: 01.12.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førstekonsulent
Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til fast stilling som økonomikonsulent ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Fakultetet er organisert i ulike fellesadministrative einingar og seksjonar. Som økonomikonsulent er du ein del av økonomiseksjonen, men stillinga vil og vere knytt til og ha arbeidsplassen sin ved fellesadministrasjonen for Institutt for samanliknande politikk, Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap og sosiologisk institutt.
Arbeidsoppgåver:
Bestille varer og tjenester
Opprette innkjøpsforespørsel i bestillingssystemet basert på innmeldte eller observerte behov
Ta imot varer og registrere varemottak i innkjøpsløsning når varen er mottatt.
Utstyrsregistrering og låneavtaler
Sørge for at gjeldande lovar, regler og retningslinjer er overholdt iht økonomireglementet i staten.
Bidra med opplæring og informasjon om gjeldande rutiner til ansatte og ledere
Behandle faktura
Bidra til andre driftsoppgåver økonomiseksjonen eller fellesadministrasjonen har ansvar for
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Vi søkjer etter deg som har:
bachelorgrad innan økonomisk-administrative fag. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
relevant erfaring frå tilsvarande verksemd er ønskjeleg
god forståing og erfaring frå prosjektarbeid er ein føremon
god tall og regnskapsforståing er ein føremon
gode ferdigheiter i Excel
evne til å uttrykke deg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk
Vi søkjer ein person som:
er serviceinnstilt og positiv
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
er strukturert, målretta og har god gjennomføringsevne
har stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing
har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
har interesser for forbetringsarbeid og nye løysingar
bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et godt og sterkt fagmiljø.
Løn som førstekonsulent etter kode 1408 etter hovudtariffavtalen i staten, ltr. 47-55 i det statlege lønsregulativet, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 439 900 – 499 500. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga».
Søknaden skal merkast: 21/17041
Søknadsfrist: 30. november 2021
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.