Økonomikonsulent / prosjektøkonom ved Det samfunnsvitskaplege fakultet
Søknadsfrist: 15.08.2020
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Økonomikonsulent/prosjektøkonom ved Det samfunnsvitskaplege fakultet
Ved Det samfunnsvitskaplege fakultet er det ledig ei fast stilling som økonomikonsulent/prosjektøkonom knytt til fakultetets økonomiseksjon. Hovudarbeidsplassen vil være ved Institutt for informasjons- og medievitskap, men du vil og samarbeide tett med dei andre økonomane i fakultetets økonomiseksjon.
Institutt for informasjons- og medievitskap har ein administrativ-/teknisk stab på 13 årsverk med hovudoppgåver innan økonomi, forskingsadministrasjon, studieadministrasjon samt teknisk drift. Det er eit høgt aktivitetsnivå ved instituttet med mange spennande prosjekt og eit godt arbeidsmiljø. For meir informasjon om instituttet sjå http://www.infomedia.uib.no/.
Arbeidsoppgåver:
Utarbeiding og oppfølging av instituttets årsbudsjett.
Budsjettering av prosjektsøknader til EU, Noregs Forskingsråd og andre eksterne finansieringskilder
Økonomioppfølging av eksternt finansierte prosjekt
Analysearbeid knytt til konkrete prosjekt og til instituttets prosjektportefølje
Utarbeiding av jamlege rapportar til instituttleiinga, vitskapleg stab og fakultetet
Vidareutvikle rapportar, styrings- og leiingsverktøy
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Vi søkjer etter deg som har:
Utdanning på mastergradsnivå innan økonomi
God økonomiforståing
Relevant praksis
God administrativ it-kompetanse, det er ein føremon med erfaring med relevante økonomisystem
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
God kompetanse i norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg
Vi ønskjer at du er sjølvstendig, analytisk, strukturert og effektiv
Vi kan tilby:
Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
Løn som seniorkonsulent (kode 1363) , ltr. 57-62.For tide utgjer det mellom 504 700 – 552 800 etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Fleksibel arbeidstid
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga».
Søknaden skal merkast 20/6599
Søknadsfrist: 15. august 2020
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.