LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Konsulent ved Gruppe for web og design

Søknadsfrist: 08.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om kommunikasjonsavdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

20 % fast stilling som konsulent

Kommunikasjonsavdelinga søker ein dyktig konsulent i fast 20 % stilling, i Gruppe for web og design.

Arbeidsoppgåver:

Varierte arbeidsoppgåver knytt til brukarstøtte, opplæring og anna arbeid relatert til vedlikehald og utvikling av universitetets nettsider (uib.no).

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Minimum eit års høgare utdanning, påbegynt bachelorgrad eller tilsvarande
  • Gode IT-kunnskapar
  • Interesse for arbeid med publiseringsløysingar og nettsider
  • Kunne arbeide sjølvstendig
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Gode språkkunnskapar og evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk

Ved vurdering av søkarane vil vi legge vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Fagleg utfordrande oppgåver i eit av Vestlandets største fagmiljø for kommunikasjonsarbeid
  • Stilling som konsulent (kode 1065/LR17.7) i lønnstrinn 42-48 (for tida kr. 407 900 – 446 800) brutto pr år i full stilling) etter tenesteansiennitet i det statlege lønsregulativet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar Hans-Petter Isaksen, hans-petter.isaksen@uib.no, tlf. 45429866

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS