Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Konsulent ved Det samfunnsvitskapelege fakultet
Det samfunnsvitskaplege fakultet ønskjer deg velkomen som søkjar til delstilling i 25 % med oppstart så snart som råd og varigheit ut året. Hovudoppgåvene i stillinga er knytt til fakultetet sine tenester i Informasjonssenteret. Den som blir tilsett vil inngå i eit team av engasjerte og motiverte medarbeidar. Den viktigsta oppgåva er å yte brukarstøtte og service til studentar, tilsette, gjester og publikum.
For meir informasjon om fakultetet viser vi til her.
Arbeidsoppgåver:
Yte tenester til studentar, tilsette og gjester som tar kontakt i informasjonssenteret eller per telefon/e-post
Oppdatere informasjon på studentsidene til fakultetet
Daglege driftsfunksjonar som mottak av post, bestilling av varer og tenester
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
1-2 års utdanning ut over videregående opplæring
Kjennskap til studier på universitets- og høyskolenivå er ein føremon
Relevant praksis
God IKT-kompetanse
God skriftleg og munnleg framstillingsevne både på norsk og engelsk
Vi søkjer medarbeidarar som
er imøtekommande, fleksibel og serviceinnstilt
har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
arbeider systematisk og er løysingsorientert
Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga. Søkjarar som er studentar ved Det samfunnsvitskaplege fakultet vil bli prioritert.
Vi tilbyr:
Allsidige stillingar med særleg vekt på servicetenester
Eit godt fagleg og sosialt miljø med gode moglegheiter for kompetanseutvikling
Løn som konsulent (kode 1065) etter lønssteg 32-44 avhengig av kompetanse og tenesteansiennitet. Årsløn i 100 % stilling utgjer for tida 360 900 – 419 600.
Gode velferds- og treningstilbod.
Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
Generell informasjon:
Du kan få utfyllande opplysningar om stillinga ved å ta kontakt med helene.unneland@uib.no.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.