Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Konsulent (Undervisarar) - Formidlingsavdelinga ved Universitetsmuseet

Søknadsfrist: 01.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetsmuseet i Bergen søkjer undervisarar

Ved Formidlingsavdelinga ved Universitetsmuseet er det ledige stillingar, 5,33 %, som undervisar frå august 2020. Stillingane lar seg kombinere med studiar og vi oppfordrar studentar til å søkje.

Universitetsmuseet har ansvar for innsamling, dokumentasjon, bevaring, forsking og formidling innanfor sine museale fagfelt. Fagfelta er antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Museet tar imot publikum på dei ulike formidlingsarenaene våre: Historisk museum, Naturhistorisk museum og i Universitetshagane. Vi søkjer undervisarar innan alle fagområda.Formidlingsavdelinga organiserer og legg til rette for kontakten og formidlinga mot det allmenne publikummet, samt andre spesifikke målgrupper som studentar, tilsette, turistar og skoleverket. Undervisningsstillingane er i hovudsak retta mot skoleverket. Årleg tar museet imot 10-12.000 skolebarn, desse får tilbod om eigne aktivitetsbaserte undervisningsopplegg. Opplegga er knytt opp til våre utstillingar, fagområde og skolane sine læreplanar. Undervisarane bidrar også på nokre av museet sine arrangement, med formidlingsretta oppgåver, samt rigging og rydding.

Arbeidsoppgåver:

  • Ta imot skoleklassar
  • Gjennomføre aktivitetsbaserte undervisningsopplegg
  • Førebuing og opprydding til undervisning og arrangement
  • Diverse oppgåver knytt til arrangement kveld, helg

Arbeidstida vil i hovudsak vere innanfor museet si opningstid kl. 10-16. I tillegg kan ein bli beden om å arbeide på museet sine arrangement utanom ordinær opningstid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Studerer relevante fag ved universitetet og høgskole
  • Formidlings- og/eller teatererfaring
  • Erfaring med å arbeide med barn og unge

Personlege eigenskapar:

  • God formidlingsevne
  • Sosial, open og omgjengeleg
  • Gode kommunikasjonsevner i møte med barn og ungdom
  • Du må vere serviceinnstilt, sjølvstendig og initiativrik
  • Fleksibel og stå-på-vilje
  • Evne til sjølvleiing kombinert med gode samarbeidsevner

Vi tilbyr:

  • Eit lærande og inspirerande arbeidsmiljø der ein kan få personleg utviklingEin hyggeleg og variert arbeidskvardag
  • Løn i stilling som konsulent (kode 1065) i lønssteg 42 – 48 (for tida kr 397.100 – 435.100 brutto pr. år i 100 % stilling) etter tenesteansiennitet i det statlege regulativet. For særs kvalifiserte søkjarar, kan høgare løn verta vurdert.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksmed (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Du vil få nødvendig opplæring.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:

  • Leiar av undervisninga, Margareth Hosøy, margareth.hosoy@uib.no, telefon 55 58 83 84 eller
  • Leiar for Formidlingsavdelinga Kari K. Årrestad, 97557100, kari.aarrestad@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Vi legg stor vekt på inntrykket under intervjuet i tilsetjinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS