LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Konsulent - markedsføring (20%)

Søknadsfrist: 08.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om kommunikasjonsavdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Konsulent (1065)

Kommunikasjonsavdelinga søker ein dyktig konsulent i fast 20 % stilling i Gruppe for prosjekt og marknadsføring.

Arbeidsoppgåver:

  • Annonsering i sosiale medium (Instagram, Google, Facebook, Twitter og LikedIn)
  • Analysere og optimalisere annonsar
  • Rapportere om resultat frå sosiale medier
  • Andre arbeidsoppgåver kan vere aktuelle

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Minimum eit års høgare utdanning, påbegynt bachelorgrad eller tilsvarande
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevner
  • Erfaring med innhaldsproduksjon og publiseringsløysingar
  • Erfaring med Facebook Business Manager, Google Ads og Google Analytics

Vi tilbyr:

  • Fagleg utfordrande oppgåver i eit av Vestlandets største fagmiljø for kommunikasjonsarbeid
  • Stilling som konsulent (kode 1065/LR17.7) i lønnstrinn 42-48 (for tida kr. 407 900 – 446 800) brutto pr år i full stilling, etter tenesteansiennitet i det statlege lønsregulativet. For særskilit kvalifiserte søkarar kan høgare lønn bli vurdert
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS