LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Innkjøper (førstekonsulent) - Seksjon for innkjøp, Bestilling til betaling

Søknadsfrist: 15.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om økonomiavdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Innkjøper (førstekonsulent) - Seksjon for innkjøp, Bestilling til betaling

Ved Økonomiavdelinga, Seksjon for innkjøp, er det ledig ei stilling som førstekonsulent i 100% stilling.

Seksjon for innkjøp har ansvar for alle interne og eksterne forhold som gjeld innkjøp ved universitetet, og har tilsette med økonomisk, juridisk og teknisk bakgrunn med særleg kunnskap om anskaffingar. Seksjonen gir støtte og råd til universitetets fakultet, institutt, avdelingar og dotterselskap. UiB kjøpar for ca. 1,5 milliard pr. år. Seksjonen er også ansvarleg for arbeidsprosessen «Bestilling til betaling» (BtB) ved Universitetet i Bergen. Dette inkluderer blant anna å syne for ei egna systemstøtte for å underbyggje ein effektiv og digitalisert arbeidsprosess.

Vidare leverer seksjonen BtB-tenester til Sentraladministrasjonen og nokre fakultet. Universitetet har god erfaring med elektronisk bestillingssystem og har hatt dette i bruk i meir enn 10 år, med Seksjon for innkjøp som systemeigar frå starten.

Seksjon for innkjøp består i dag av 19 årsverk. Seksjonen er delt i to grupper; kontraktsgruppa og bestilling til betaling (BtB) gruppa.

Arbeidsoppgåver:

  • Rolla som innkjøpar
    • bestilling av varer og tenester, fakturabehandling, kontakt mot leverandørar og oppfølging av leveransar
  • Bistand til dei som treng hjelp i innkjøpsspørsmål
  • Informasjon og brukarstøtte til innkjøparar ved andre avdelingar og fakultet:
    • rutinar og reglement for anskaffingar ved UiB
    • bruk av våre systemløysingar knytt til BtB-prosessen
  • Bidra til at seksjonen leverer gode og stabile tenester innan BtB-prosessen
  • Samarbeid med kontraktsgruppa ved etablering av rammeavtaler og ved innkjøp over kr 100.000, jfr. lov og forskrift om offentlige anskaffelser og reglement for økonomistyring i staten

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Relevant høgare utdanning min. bachelorgrad eller tilsvarande, frå universitet eller høgskule
  • Tilsvarande realkompetanse kan vere oppnådd med relevant praksis, etter- og vidareutdanning m.m.
  • Rekneskapsforståing
  • Fordel med kunnskap om eller kjennskap til regelverket for offentlege anskaffingar
  • Gode samarbeidsevner og nødvendig presisjon i arbeidet
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Erfaring, forståing og/eller interesse for arbeid med digitale prosesser og plattformer, gjerne frå Unit4 ERP som økonomisystem og Tableau som rapportverktøy eller liknande system
  • Kommuniserer godt på norsk og engelsk

Den som blir tilsett må vere villig til å tileigne seg nødvendig kompetanse. Det administrative arbeidet ved avdelinga og på UiB generelt er i stadig utvikling. Dette er særleg knytt til digitalisering og standardisering, som gjer at stillinga over tid kan bli tillagt andre oppgåver ved Økonomiavdelinga.

Personlege eigenskapar:

I vurderinga vil ein leggje vekt på personlege eigenskapar. Me søkjer etter positive, løysingsorienterte personar som er gode i teamarbeid, arbeider sjølvstendig når det er nødvendig. Vi ønsker at du skal vere målretta, engasjert og initiativrik med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Kan prioritere i ein travel kvardag samstundes som ein jobbar mot langsiktige mål.

Vi tilbyr:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i et godt arbeidsmiljø
  • Opplæring
  • Tilsetting som førstekonsulent (kode 1408) i lønnstrinn 50 - 58 (for tida kr. 461 300 - 524 900 brutto pr. år). For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemsskap i Statens Pensjonskasse som inneber god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade og gruppelivsforsikring
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:

  • Innkjøpssjef Kjetil Skog, 40 62 44 30, epost: kjetil.skog@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS