LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Inkluderings- og mangfaldskoordinatorar (to 50% stillinger)

Søknadsfrist: 02.02.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om studieadministrativ avdeling her.

Studieavdelinga søker Inkluderings- og mangfaldskoordinatorar (to 50% stillinger)

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Studieavdelinga søker Inkluderings- og mangfaldskoordinatorar (to 50% stillinger)

UiB ønskjer å rekruttere to prosjektmedarbeidarar som skal fungere som inkluderings-/mangfaldskoordinatorar. Prosjektstillingane er 50 %, og varer i eit år, med moglegheit for forlenging. Dei er plassert i funksjonsområdet læringsmiljø ved Studieavdelinga. Som ein del av Studieavdelinga, vil de arbeide saman med nærmare 60 engasjerte, kunnskapsrike personar.

UiB har som ambisjon å oppnå eit meir mangfaldig studentmiljø, og er i startgropa på eit prosjekt «Mangfaldige UiB- Ingen utanfor», som vi har fått midlar frå Helsedirektoratet til. Målgruppa for prosjektet er minoritetar i studentmassen. Formålet med prosjektet er å identifisere og bygge ned barrierar for deltaking i høgare utdanning, og sikre eit godt tilbod til eit mangfaldig studentmiljø. Ei viktig målsetjing med prosjektet er å skape like utdanningsmoglegheiter uavhengig av bakgrunn.

UiB har som mål å arbeide for større mangfald i studentmassen, sikre eit inkluderande læringsmiljø og bidra til sosial mobilitet. Vi ønskjer å vidareutvikle våre universelle tilbod til i større grad å dekke behova til studentgrupper med særskilte behov, spesifikt knyta til kultur, språk og identitet. Dette ønsker vi å gjere gjennom å utvikle lågterskeltilbod for alle studentar, og å arbeide mot ekskluderande mekanismar generelt på UiB.

Arbeidsoppgåver:

I arbeidet med å sikre eit godt tilbod til eit mangfaldig studentmiljø, er vi på jakt etter to prosjektmedarbeidarar som både er opptatt av, og som har kunnskap om og erfaring med utfordringar og behov til underrepresenterte grupper i høgare utdanning, og som ønskjer å vere ein pådrivar i dette arbeidet. Som prosjektmedarbeidar vil du vere med på å utvikle tiltak retta mot desse studentgruppene. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å etablere ekstraordinære norskkurs for å styrke norskkunnskapane for studentar og opplæring i akademisk språk, metode og skriving.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar:

  • Kunnskap om, og erfaring med mangfald
  • Fersk kjennskap til studentlivet og høgare utdanning
  • Erfaring med utvikling og gjennomføring av kurs vil vere ein føremon
  • Relevant utdanning. Realkompetanse innan fagfeltet kan erstatte utdanningskravet
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar:

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Systematisk, metodisk og strukturert
  • Service- og løysingsorientert haldning
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og til å samarbeide med andre
  • Engasjement for feltet

Ved vurdering av søkarane vil vi leggje vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynt for stillingane, og at dei to prosjektmedarbeidarane utfyller kvarandre.

Vi kan tilby:

  • Ein stimulerande og utfordrande arbeidskvardag med høg grad av sjølvstende
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Løn etter Statens regulativ som seniorkonsulent (kode 1363) i årsløn tilsvarande kr 470 000 – 550 000 brutto i 100% stilling avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Gunstig pensjons- og forsikringsordning gjennom Statens pensjonskasse med mellom anna eit av marknadens billegaste bustadlån.
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Torunn Valen eller Mia Milde på torunn.valen@uib.no / mia.milde@uib.no eller på telefon 55 58 66 32 / 41 27 56 01

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS