LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førstekonsulent (vikariat) ved Institutt for informasjons- og medievitenskap

Søknadsfrist: 26.09.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førstekonsulent

Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til vikariat som førstekonsulent ved Institutt for informasjons- og medievitskap. Vikariatet løpar frå den dagen som avtales og til september 2024. Institutt for informasjons- og medievitskap er eit tverrfagleg, forskingsintensivt fagmiljø med forskingsgrupper og studietilbod innan media og kommunikasjon, informasjonsvitskap, journalistikk, interaksjonsdesign samt TV-produksjon.

Instituttet har for tida 35 vitskaplege stillingar og 25 ph.d.-kandidatar og postdoktorar. Om lag 1200 studentar er knytt til instituttets bachelor- og masterprogram. Administrasjonen ved instituttet har om lag 14 årsverk og vert leia av administrasjonssjef. For meir informasjon om instituttet viser vi til her.

Stillinga er ledd i instituttets arbeid med auka studiekvalitet gjennom å styrke studentnær undervisning og oppfølging på bachelornivå. Den som vært tilsett vil i hovudsak arbeide med administrasjon og fagleg utvikling av det seminarbaserte undervisningstilbodet i informasjonsvitskap.

Arbeidsoppgåver:

  • Koordinering, rekruttering og mentorering av seminarleiarar i informasjonsvitskap, i samarbeid med studiekonsulent og programråd
  • Oppstart, oppfølging og administrasjon av seminarundervisninga ved bacheloremne
  • Fagleg utviklingsarbeid knytt til seminartilbodet i samarbeid med programråd og faglærarar
  • Timeplanlegging i samarbeid med eksamenskonsulent og emneansvarlege

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkar må ha bachelorgrad, men master er ein føremon
  • God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
  • Å ha tatt nokre informasjonsvitskaplege emne er eit føremon
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • God administrativ IT-kompetanse

Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
  • Løn som førstekonsulent etter kode 1408 etter hovudtariffavtalene i staten, i lønnspenn 509 300 – 540 500 NOK (ltr. 51-55) per år. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillingane kan ein få ved å kontakte:

  • Administrasjonssjef Espen Dahle, espen.dahle@uib.no, tlf.: 55 58 33 81

Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga».

Søknaden skal merkast 23/12575

Søknadsfrist: 25 september 2023

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS