Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førstekonsulent ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi

Søknadsfrist: 23.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førstekonsulent

Ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei 100 % fast stilling som førstekonsulent knytt til nevropsykologisk poliklinikk. Det er ynskjeleg med oppstart i stillinga i oktober 2020.

Stillinga er i dag knytt til Institutt for biologisk og medisinsk psykologi med kontorplass i Jonas Lies veg 91. Fakultetet skal flytte deler av verksemda inn i nye lokalar i 2020 og 2021 og det er igangsett ein prosess for å sjå på hensiktsmessig organisering av administrasjonen. Dette kan innebere endringar i arbeidsstad og stilling. Nevropsykologisk poliklinikk er blant dei som skal flytte i nye lokalar i Årstadveien 17.

Arbeidsoppgåver:

  • Hovuddelen av stillinga sitt arbeid vil være testing av pasientar ved hjelp av nevropsykologiske metodar og spørjeskjema samt skåring av data. Testinga går føre seg i nært samarbeid med spesialist i klinisk nevropsykologi. Opplæring blir gitt.
  • Stillinga omfattar undervising av studentar i klinisk praksis i profesjonsstudiet i psykologi og deltaking i prosjektarbeid.
  • Den som vert tilsett kan også verte tillagt andre administrative arbeidsoppgåver i forbindelse med drift av klinikken/instituttet

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjarar må ha ein bachelorgrad innanfor helsefag, eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje. Tilsvarande kvalifikasjonar kan i særskilde tilfelle oppnåast gjennom lang og allsidig praksis saman med relevant etter- og vidareutdanning
  • den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og målretta, like å arbeide med menneske, ha gode samarbeidsevner og vere fleksibel og serviceinnstilt
  • søkjar må ha gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
  • det er ei føremon med kjennskap og praksis frå universitets- og høgskulesystemet
  • digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn som førstekonsulent etter lønssteg 47 - 53 (kode 1408/LR 21, alternativ 6-8) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 428 200 - 472 000.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Slik kan du søkje:

Søknad, CV og relevante vedlegg, som attestar og vitnemål, må lastast opp i JobbNorge.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon vert lagt inn innan fristen.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV kan verte brukt til registreringsføremål i Universitetet i Bergen sin inkluderingsdugnad.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS