LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førstekonsulent (økonom) ved Klinisk institutt 1

Søknadsfrist: 08.01.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førstekonsulent / økonom

Vi ynskjer deg velkomen til å søkje fast stilling som førstekonsulent (driftsøkonom) (100 %) ved Det medisinske fakultet, Klinisk Institutt 1. Tilsetjing vert så snart som mogleg.

Klinisk Institutt 1 er eit av fem institutt ved Det medisinske fakultet, Universitetet i Bergen. Vi forvaltar eit budsjett på om lag 100 millionar kroner. Instituttet har om lag 250 tilsette og ein administrasjon på 13 personar, der økonomiseksjonen ved instituttet har 3 tilsette. Det er administrasjonens oppgåve å gje god administrativ støtte og oppfølging til den faglege verksemda. No treng vi ein ny kollega i økonomiseksjonen i administrasjonen.

Arbeidsoppgåver:

  • Regnskaps- og økonomiarbeid som handtering av bestillingar og fakturabehandling
  • Superbruker og brukerstøtte knyttet til bestillings- og fakturasystem (UBW)
  • Opprette og følge opp arbeidsavtaler i forbindelse med ulike oppdrag
  • Bistå instituttet med diverse økonomioversikter og rapporter
  • Bidra i andre driftsoppgaver økonomiseksjonen har ansvar for

Det er muligheter for å få jobbe med prosjekøkonomoppgåver som:

  • Støtte og oppfølging knytt til eksterne prosjekter i ulike fasar; Søknads, - kontrakts-, drifts - og avslutningsfase
  • Økonomioppfølging; budsjettering, avviksanalysar og økonomirapportering

Det kan verte aktuelt å leggje andre administrative oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha bachelorgrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Relevant erfaring fra regnskap/controlling
  • Gode ferdigheiter i excel og økonomisystemer
  • Evne til å uttrykke deg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk
  • Gode samarbeidsevner og serviceinnstilling
  • Nyutdannede kan også bli vurdert for stillingen

Vi søkjer ein person som

  • er serviceinnstilt og positiv
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • er strukturert, jobbar effektivt og har god gjennomføringsevne
  • er sjølvstendig og evner problemløysing
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • har interesser for forbetringsarbeid og nye løysingar
  • ynskjer å bida til vårt gode arbeidsmiljø

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn som førstekonsulent i kode 1408 tilsvarande NOK 478 300 – 509 500 årleg i det statlege regulativ (tilsvarande lønstrinn 51-55). For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS