LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førstekonsulent - Klinisk institutt 2

Søknadsfrist: 01.11.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er en anerkjent utdannings- og forskningsinstitusjon, organisert i syv fakulteter og rundt 54 institutter og faglige sentre. Campus ligger i sentrale deler av Bergen med universitetsområder på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og syv sentre. Les mer om fakultet og tilhørende institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førstekonsulent

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei fast stilling som førstekonsulent (100 %) med tilsetjing så snart som mogeleg. Klinisk Institutt 2 er eit av de største institutta ved Universitetet i Bergen og består av 350 tilsette og ein administrasjon på 20 personar. Våre vitskapelege kollegaer driv med undervisning og forsking innan eit bredt spekter av fagområde, som kreft, hjarte, lunge, geriatri, pediatri, med meir. Det er administrasjonens oppgåve å gje god administrativ støtte og oppfølging til den faglege verksemda. Vi forvaltar eit budsjett på over 200 millionar kroner.

Arbeidsoppgåver:

  • Rettleiingsoppgåver overfor instituttet sine doktorgradskandidatar
  • Arbeid i forbindelse med førebuingar og gjennomføring av disputasar
  • Førebuing og oppfølging av honorar
  • Administrasjon av forskarkurs og forskarskular
  • Studieadministrasjon inkludert arbeid med OSKE (Objektiv, strukturert, klinisk eksamen)
  • Redaktør for K2Nytt
  • Oppdatering av websider
  • Rapporteringar (inkludert Cristin-rapportering)
  • Administrative oppgåver, som oppdatering av rutinebeskrivingar og anna arbeid

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha bachelorgrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Må ha evne til å uttrykkja seg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk
  • Gode samarbeidsevner og serviceinnstilling
  • God administrativ IT-kompetanse
  • Erfaring med koordinering og samarbeid
  • Relevant erfaring frå studieadministrativt arbeid vi vera ei føremon

Vi søkjer ein person som

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskaper
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • er nøyaktig, fleksibel og kan handtera mange oppgåver samtidig i ein hektisk kvardag
  • er god på problemløysing

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som førstekonsulent (kode 1408) i lønssteg 47-53 (for tida kr 439 900 - 483 700). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS