Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 1.900 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha ein innovativ og internasjonal profil og vere ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.
I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har ein dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.
Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfte blikket, og våge å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.
Om stillinga
Universitetet i Stavanger har ledig stilling som førstekonsulent innanfor lønn ved Økonomiavdelinga, Seksjon for lønn.
Blant hovudoppgåvene til seksjonen inngår rettleiing, rådgiving og sakshandsaming innanfor rekneskap- og lønnsområdet. Den som vert tilsett vil inngå i eit team med 11 medarbeidarar som mellom anna ivaretar registrering i lønns- personalsystemet (SAP) av all fast- og variabel lønn, avstemming og rapportering.
Hovudoppgåver
Rådgjeving og sakshandsaming innanfor lønn og reiser, irekna registrering i lønns- og personalsystemet (SAP)
erfaring frå arbeid med lønn i offentleg sektor, fortrinnsvis i universitets- og høgskulesektoren
god kunnskap om regelverk innanfor lønn og erfaring i bruk av SAP-modulen for lønn
noko rekneskapserfaring, irekna bruk av IKT system
interesse og evne til å ta i bruk nye digitale system
Vidare blir det lagt vekt på at du:
har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på engelsk og norsk
er sjølvstendig og effektiv i din arbeidsform
er initiativrik, målretta og nøyaktig
har gode samarbeidsevner
er fleksibel, service- og løysingsorientert
bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
eit ambisiøst arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.500, kode 1408, kr 524 900 - 563 900 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare lønn bli vurdert. Frå lønna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
medlemsskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
Universitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.
Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode.
Universitetet vil rekruttera fleire menn til avdelinga og oppmodar derfor spesielt menn til å søke. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ein mann bli prioritert føre ei kvinne.
Kontaktinformasjon
Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Kontorsjef Alf Strand, tlf: 975 06 922, e-post: alf.strand@uis.no eller til
Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-konsulent Christina Storm, tlf: 51 83 17 53 e-post: christina.storm@uis.no.
Søknad
Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.
Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.
Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.
Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.
UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.