Seniorkonsulent / rådgjevar ved Universitetsdirektørens kontor
Søknadsfrist: 05.12.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Universitetsdirektøren er øvste leiar av den administrative verksemd ved universitetet. Direktøren er tilsett på åremål av universitetsstyret, og er sekretær for styret.
Seniorkonsulent/rådgjevar ved Universitetsdirektørens kontor, Sekretariatet for universitetsleiinga
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent/rådgjevar ved Universitetsdirektørens kontor, Sekretariatet for universitetsleiinga
Ved Universitetsdirektørens kontor, i seksjonen Sekretariat for universitetsleiinga er det ledig ei fast 100 % stilling som jurist/ saksbehandler (seniorkonsulent/rådgjevar). Seksjonen er den del av staben for den øvste leiinga ved universitetet.
Seksjonen har eit særleg ansvar for å være sekretariat for fleire av universitetet sine sentrale organ og utval, mellom anna klagenemnda for studentsaker. Stillinga er primært knytt til å førebu saker for klagenemnda, men andre oppgåver vil og være aktuelle, til dømes utgreiings- eller oppfølgingsoppgåver for universitetsleiinga eller andre avdelingar ved UiB, til dømes Studieavdelinga.
Arbeidsoppgåver:
Ha eit særskild ansvar for å førebu, leggje fram og følgje opp saker for universitetet si klagenemnd i studentsaker
Førebu og leggje til rette for nemndas møter
Gi tilsette naudsynt opplæring i regler og rutinar knytt til arbeidet med saksbehandling av fuske- og klagestudentsaker
Bidra til å styrke UiBs kompetanse i arbeidet med å forebygge fusk
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Master i rettsvitskap / cand. jur.eller anna høgare utdanning på mastergradnivå
Solid skriftleg og munnleg framstillingsevne
Gode kommunikative eigenskapar og evne til samarbeid
Evne til sjølvstendig oppgåveløysing og saksbehandling
God digital kompetanse
Relevant erfaring innan saksbehandling og offentleg forvaltning er en føremon.
Personlege eigenskapar naudsynt for stillinga vil bli lagt vekt på
Vi kan tilby:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Godt arbeidsmiljø
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Stillingskategori som seniorkonsulent (kode 1363) eller rådgjevar (kode 1434)
Løn etter lønssteg 63 - 67 (p.t. kr. 574 700- 615 800) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.