LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorkonsulent / rådgjevar - Det humanistiske fakultet

Søknadsfrist: 18.04.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent/rådgjevar

Ved Det humanistiske fakultet er det ledig eit vikariat (100 % stilling) som seniorkonsulent/rådgjevar knytt til lektorutdanninga ved fakultetet. Det er ønskjeleg med tiltreding i stillinga seinast 1. juli 2021. Vikariatet har varigheit til 31. desember 2021, og det er mogleg at vikariatet kan bli forlenga.

Stillinga har ansvar for den administrative oppfølginga av lektorstudentane og lektorprogramma ved Det humanistiske fakultet og har såleis ei blanding av studentoppfølging, administrasjon og utviklingsarbeid. Stillinga er knytt til seksjon for studiar og forskarutdanning ved fakultetet. Seksjonssjefen er næraste overordna, og stillinga rapporterer direkte til denne.

Lærarutdanninga ved Det humanistiske fakultet femner om femårig integrert lektorutdanning, praktisk-pedagogisk utdanning og erfaringsbaserte masterprogram i undervisning.

Alle i administrasjonen vil, i tillegg til spesifikke funksjonar lagt til eiga stilling, òg måtte ta del i andre administrative oppgåver.

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for administrativ oppfølging av det samla lærarutdanningstilbodet ved Det humanistiske fakultet
  • Den integrerte lektorutdanninga krev tett samarbeid med institutta ved fakultetet, med universitetet sentralt og med andre fakultet. Stillinga har her ei koordinerande rolle
  • Sekretærfunksjon for fakultetet sitt Lektorutdanningsutval (LUHF)
  • Studierettleiing, studentmottak, og oppfølging av studentar og utdanningsplanar
  • Informasjons- og rekrutteringsarbeid
  • Koordinering av studieprogram i samråd med institutta, godkjenningsarbeid.
  • Deltaking i administrative nettverk
  • Generell sakshandsaming innafor seksjonen sine arbeidsfelt

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad, helst med relevante fag i fagkretsen. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Relevant studieadministrativ erfaring frå universitets- og høgskulesektoren
  • God administrativ it-kompetanse
  • Kjennskap til lærarutdanning er ein føremon
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagde: gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, sjølvstende, god rolleforståing, gjennomføringsevne og fleksibilitet
  • Evne til å uttrykke seg godt skriftleg og munnleg på bokmål, nynorsk og engelsk

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn som 1363 seniorkonsulent eller 1434 rådgjevar, avhengig av kvalifikasjonar. Ved tilsetjing som seniorkonsulent vil stillinga bli løna etter lønssteg 55-59 i statens regulativ, for tida kr. 490.200-525.600 brutto per år. Ved tilsetjing som rådgjevar vil stillinga bli løna etter lønssteg 59-64, for tida kr. 525.600-575.200 brutto per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Studiesjef Ranveig Lote på tlf. 55 58 99 63, e-post ranveig.lote@uib.no, eller
  • Nestleiar Inger Marie Hatløy på tlf. 55 58 22 09, e-post inger.hatloy@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 18.04.2021

Merk søknaden: 21/4062

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS