LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Rådgjevar / seniorkonsulent (prosjektøkonom) - Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS)

Søknadsfrist: 28.09.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar/seniorkonsulent (prosjektøkonom)

Ved Det medisinske fakultet, institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), er det stilling som rådgjevar/seniorkonsulent (100 %) med tilsetjing i desember.

Den nye rådgjevaren/seniorkonsulenten vil i hovudsak ha oppgåver knytt til sentre ved IGS, særleg BCEPS og CISMAC som er eit senter for framifrå forsking (SFF) og knytt til Senter for internasjonal helse. Mange av prosjekta er retta mot låginntektsland i Afrika og Asia. Dette stiller krav til kunnskap hos rådgjevar/seniorkonsulent (prosjektøkonom) når det gjeld rapportering, overføring av pengar og kommunikasjon med utanlandske partnerar. Rådgjevar/seniorkonsulent (prosjektøkonom) deltek i prosjektmøte, både i Noreg og i visse høve, i utlandet.

IGS har eit årleg totalbudsjett på om lag 150 millionar kroner, kor dei eksternfinansierte prosjekta utgjer om lag halvparten av aktiviteten. IGS husar også fleire andre senter, blant anna Pandemisenteret og Senter for alders- og sykehjemsmedisin (SEFAS).

Me har eitt godt arbeidsmiljø og treng deg for å oppfylla instituttet sin visjon: Betre helse, betre samfunn.

Arbeidsoppgåver:

  • Sakshandsamingsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver innan økonomiområdet som krev stor grad av sjølvstende og problemløysing
  • Økonomistyring av ekstern – og internfinansierte forskingsprosjekt
  • Yte god støtte og rådgiving til fagmiljø, prosjektleiarane og eksterne partar og bidragsytarar
  • Gje økonomifageleg støtte knytt til eksterne prosjekt i ulike fasar; søknads-, kontrakts-, drifts- og avslutningsfase
  • Utarbeide oversikter, rapporter og prognoser til fagmiljø, prosjektleiarane, og instituttet
  • Delta og bidra til utvikling og vedlikehald av interne rutinar, retningslinjer og system
  • Kvalitetsutvikling innanfor økonomiområdet
  • Rutinearbeid opp mot rekneskap og økonomi

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha bachelorgrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Relevant praksis er eit krav, med erfaring frå prosjektøkonomi. Det er ei føremon dersom erfaringa er frå universitets-, høgskule- eller instituttsektoren
  • God forståing og erfaring frå alle prosesser i økonomiarbeid, særleg prosjektøkonomi er ein føremon
  • Erfaring med budsjettering, rapportering og rekneskap samt bruk av Excel som analyse- og rapporteringsverktøy
  • Gode analytiske eigenskapar
  • Evne til å uttrykke deg godt skriftleg og munnleg, både på norsk og engelsk

Vi søkjer ein person som

  • har drivkraft til å gjera ein god jobb og likar å spela på lag med andre
  • er proaktiv og nøyaktig
  • er serviceinnstilt og positiv
  • har interesse for tal og har god økonomiforståing
  • har god digital kompetanse og lett lærer nye ferdigheiter
  • er strukturert, målretta og har god evne til gjennomføring
  • har stor grad av sjølvstende og er god på problemløysing
  • har stor arbeidskapasitet og er fleksibel
  • kan dokumentera evne til god kommunikasjon og samarbeidsevne
  • likar ein travel arbeidskvardag og kan i periodar arbeide i høgt tempo
  • bidreg til vårt gode arbeidsmiljø

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) for tida kr 534 900 – 593 500 brutto (lønssteg 58-64). Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) for tida kr 509 500-563 500 brutto (lønssteg 55-61). Vurdering av samla kvalifikasjonar vil avgjerda kven som får stillinga.
  • For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS