Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Seniorkonsulent / rådgjevar: studentrekruttering og arbeidsliv

Søknadsfrist: 05.01.2020

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.

Fakultetsadministrasjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet støttar einingane i den daglege drifta og har samstundes eit overordna koordineringsansvar for heile fakultetet.


Fakultetsadministrasjonen er delt i fire avdelingar; Seksjon for studie, Seksjon for personal, økonomi og arkiv, Seksjon for IT/AV-tenester og Seksjon for forsking og kommunikasjon. Fakultetet vert administrativt leia av fakultetsdirektøren, med dekanen som leiar av heile fakultetet. Fakultetsadministrasjonen har til saman rundt 70 tilsette.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Det samfunnsvitskaplege fakultet søkjer ein dyktig og framoverlent seniorkonsulent/rådgjevar som skal jobbe med studentrekruttering og arbeidslivsrelevans.

Fakultetets kommunikasjonsstrategi legg føringane for arbeidet med studentrekruttering. Strategien har to hovudmål: «Betre rekruttering» og «Ein meir kunnskapsbasert samfunnsdebatt». Du skal bidra til å nå måla i heile kommunikasjonsstrategien, men med særleg fokus på målet «Betre rekruttering».

Du skal også koordinere arbeidet med å synliggjere kva våre studentar kan bruke utdanninga si til i arbeidslivet og gje råd til fakultetet si leiing og fagmiljø om arbeidslivsrelevans.

Stillinga er plassert i Studieseksjonen som samarbeider tett med studieadministrasjonen ved institutta og sentra på fakultetet. Du vil delta i fakultetet sitt kommunikasjonsteam.

Arbeidsoppgåver

  • Følgje opp fakultetets kommunikasjonsstrategi i samarbeid med kommunikasjonsteamet
  • Arbeide for at fakultetets studieprogram får motiverte og gode søkarar
  • Koordinere fakultetets skolebesøksordning for vidaregåande skular i Oslo-området
  • Koordinere Vitenskapsbutikken i samarbeid med Det humanistiske fakultet.
  • Synleggjere arbeidslivsrelevans og karrieremoglegheiter hjå fakultetet
  • Planlegge og følgje opp UiOs kandidat- og arbeidsgivarundersøkingar
  • Sørgje for kompetanseheving for administrativt og vitenskapeleg tilsette innanfor arbeidsliv og studentrekruttering
  • Lage analysar og utarbeide statistikk og presentasjonar, mellom anna knytt til kandidat- og søkjerundersøkingar

Andre oppgåver kan leggast til stillinga ved behov.

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum tilsvarande bachelornivå. Dokumentert realkompetanse kan erstatte utdanningskravet. Det er ein fordel med samfunnsvitskapleg utdanning.
  • Relevant arbeidserfaring, erfaring frå utdanningssektoren vil vere ein fordel.
  • Gode formuleringsevne i skriftleg og munnleg norsk og engelsk.
  • Særleg god digital kompetanse.
  • Kunnskap om og evne til å arbeide med statistikk.
  • Erfaring med utforming av nettsider og kommunikasjonsarbeid.
  • Solid kunnskap om sosiale media

For å bli ansatt som rådgjevar krevst betydelig erfaring med å analysere utfordringer, gjennomføre målretta tiltak og evaluere desse. Det krevst i tillegg evne til å tenkje strategisk, byggje kompetanse og gje råd innan heile ansvarsområdet i stillinga.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • er utåtvend og initiativrik og som likar å sjå resultat av ditt arbeid
  • ein dyktig formidlar
  • likar både rutine- og utviklingsoppgåver
  • likar å jobbe i team og å samarbeide i ein kompleks kunnskapsorganisasjon
  • er fleksibel og positiv
  • evnar å jobbe sjølvstendig og ta ansvar
  • er opptatt av å tilpasse teneste til brukarnes behov

Vi vil legge avgjerande vekt på at du er personleg eigna for stillinga.

Vi tilbyr

  • seniorkonsulent løn frå kr 488 000 til kr 583 900/rådgjevar løn frå kr 523 200 til kr 627 700 per år, avhengig av kompetanse
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • vitnemål (kun høgare utdanning) og relevante attestar
  • liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad (evt. med vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS