Seniorrådgjevar innanfor kommunikasjon og samfunnskontakt
Søknadsfrist: 14.04.2024
Publisert
Universitetet i Stavanger
Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12.000 studentar og 1.900 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha ein innovativ og internasjonal profil og vere ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.
I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har ein dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.
Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfte blikket, og våge å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.
Om stillinga
Universitetet i Stavanger har ei ledig stilling som seniorrådgjevar innanfor kommunikasjon og samfunnskontakt. Stillinga rapporterer til direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt.
Ønskjer du å arbeide i ei dynamisk avdeling med eit breitt nedslagsfelt? Er du utåtvend med eit strategisk tenkjesett og solid gjennomføringsevne? Då har du moglegheit til å jobbe med dyktige og engasjerte kollegaer i eitt av regionens største fagnettverk for kommunikasjon og samfunnskontakt, i ei verksemd med klare og ambisiøse mål. Stillinga er ledig frå 1. juni 2024.
Hovudoppgåver
strategisk kommunikasjon
samfunns- og myndigheitskontakt
politisk rådgjeving
prosjektarbeid
administrative oppgåver og sekretariatsfunksjonar
Kvalifikasjonar
Du må ha:
høgare utdanning på mastergradnivå. Særskilt relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
erfaring med hovudarbeidsområda for stillinga
erfaring frå politisk arbeid og med politisk kommunikasjon, samt innsikt i politiske prosessar
nettverk innan politikk, samfunns- og arbeidsliv
dokumentert evne til sjølvstendig og resultatorientert arbeid
god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Vidare blir det lagt vekt på at du:
har god kunnskap om universitets- og høgskolesektoren
er utåtvend, analytisk, grundig og har forståing for samanhengar i store verksemder
har gode samarbeidsevner og gjennomføringsevne
kan leie og bidra i utviklings- og prosjektarbeid
har god utgreier- og økonomikompetanse
har erfaring med å hente inn eksterne midlar
Vi tilbyr
varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
løn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.500, kode 1364 seniorrådgiver kr 670.000 - 800.000 pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
medlemskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfald er ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet ved UiS. Når vi har ulike bakgrunnar og erfaringar, kan vi sjå utfordringar frå fleire vinklar og finne betre løysingar.
På UiS er vi opptatt av å vise respekt for kvarandre med dei ulikskapane vi har, og vi legg til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne. Vi tek omsyn til behova dine og situasjonen din i ulike livsfasar.
Om du synest stillinga er interessant, oppmodar vi deg til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utanfor arbeidslivet ei tid.
Er det kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kallar me minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kjenne du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du kryssa av i jobbsøkjarportalen vår.
Les meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Kontaktinformasjon
Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt Vibecke Lykke Olsen tlf: 981 16 330 / 51 83 37 91, e-post: vibecke.olsen@uis.no
Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-rådgjevar Salla Oftedal Andersen, tlf: 51 83 19 76, e-post: salla.andersen@uis.no.
Søknad
Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.
Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.
Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.
Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.
UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.