LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Instituttleiar ved Kjemisk institutt - åremålsstilling

Søknadsfrist: 26.09.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Instituttleiar ved Kjemisk institutt - åremålsstilling

Ved Kjemisk institutt er det frå 1. januar 2024 ledig ei åremålsstilling som instituttleiar for fire år med moglegheit for tilsetjing i ny åremålsperiode etter utlysing.

Vi søkjer ein engasjert leiar som kan vidareutvikle og leie den totale aktiviteten til instituttet innan forsking, utdanning, innovasjon og formidling. Instituttleiaren inngår i fakultetet si leiargruppe.

Om instituttet

Kjemisk institutt er eitt av sju institutt ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Fakultetet bidrar til ny og grunnleggjande vitskapleg innsikt og til ei god framtid for menneske, miljø og samfunn. Fakultetet sine strategiske satsingar er marin, klima og energi, og Kjemisk si forskings- og utdanningsaktivitet bidreg til fakultetet og UiB sine strategiske målsettingar.

Forskinga ved Kjemisk institutt (KI) er fokusert innanfor to strategiske tematiske område: (i) Berekraftig energi og kjemisk produksjon, og (ii) Molekylær livsvitskap, følgt av grunnforsking innan dei viktigaste kjemiske subdisiplinane. Instituttet har óg marin aktivitet gjennom forskinga på kjemiske aspekt ved marine bioressursar. KI reknar innovasjon som ein primær aktivitet for å skapa meirverdi frå forsking til nytte for samfunnet og fremja av vitskap.

Instituttet tilbyr utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå innan kjemi, nanovitskap og medisinsk teknologi. Kjemisk institutt er og partnarinstitutt for utdanning i farmasi, energi og lektor forutan å ha eit ansvar for den grunnleggjande kjemiundervisinga på tvers av studieprogramma på fakultetet. Bachelorprogrammet i kjemi har EuroBachelor-godkjenning, og instituttet tilbyr ein europeisk Joint master degree i analytisk kjemi.

Instituttet har for tida 25 faste vitskaplege stillingar og totalt vel 80 tilsette. Kjemisk institutt disponerer om lag 70 millionar kronar over universitetet sitt grunnbudsjett i 2023 i tillegg til ein ekstern portefølje på om lag 24 millionar kronar.

Kjemisk institutt arbeider systematisk for å ha ein tenleg forskingsinfrastruktur og har heilt nyleg tatt i bruk moderne og attraktive forskingslaboratorium for energirelatert forsking og medisinalkjemi. Vidare har instituttet eit velutrusta NMR-senter som inngår som node i den nasjonale NMR-plattforma (NNP) og Kjemisk institutt har også tatt ein nasjonal leiarskap gjennom det UiB-finansierte Laboratorium for automatisert kjemi.

Nærare opplysningar om Kjemisk institutt kan ein finne på instituttet si heimeside.

Om stillinga

Instituttleiar har eit overordna ansvar for den samla verksemda ved instituttet og resultatansvar for forsking, utdanning, formidling og innovasjon samt overordna personal-, HMS- og budsjettansvar. Instituttleiar rapporterer til dekan, inngår i fakultetet si leiargruppe og leiar instituttrådet.

Det er ei viktig oppgåve for instituttleiar å bidra til å posisjonere kjemifaget ved institusjonen slik at Universitetet i Bergen styrker si rolle innan dette feltet, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Som del av dette, er det ei viktig oppgåve å leggje til rette for at dei tilsette hentar inn ekstern forskingsfinansiering.

Instituttleiar sine viktigaste oppgåver er å

  • leie og utvikle verksemda ved instituttet i tråd med strategiane til instituttet, fakultetet og Universitetet i Bergen
  • bidra til utviklinga av fakultetet med vekt på høg kvalitet i utdanning, forsking og formidling
  • sørgje for god fagleg leiing med vekt på kvalitet og god balanse mellom utdanning, forsking, formidling og innovasjon
  • representere og posisjonere instituttet og bidra til internt og eksternt samarbeid
  • stimulere og leggje til rette for at dei tilsette hentar inn ekstern forskings- og utdanningsfinansiering
  • skape ein positiv organisasjonskultur og stimulere til eit produktivt og godt arbeidsmiljø
  • leggje til rette for at instituttet får ein rettvis kjønnsbalanse
  • skape arenaer for samarbeid, medverknad og dialog
  • sørgje for tenlege infrastruktur, tenlege teknisk-administrative tenester og effektiv drift av verksemda.
  • sørgje for at internkontroll og økonomistyring fungerer i samsvar med fastsette reglar og rutinar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi søkjer ein instituttleiar som

  • har interesse og kunnskap om verksemdsleiing og leiarutvikling
  • har gode leiareigenskapar, dokumenterte resultat frå forskingsleiing og god forståing for utdanningsleiing.
  • har visjonar og tankar for vidareutvikling av instituttet dei neste 5-10 åra
  • er ein internasjonalt anerkjent forskar, normalt med professorkompetanse, innan eitt av fagområda ved instituttet.
  • har evne til å sette mål og arbeide strategisk for instituttet.

I tillegg vert det lagt vekt på

  • god forståing for leiing av kunnskapsmedarbeidarar i ein kontekst med akademisk fridom.
  • ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialog.
  • leiaråtferd som stimulerer til gode resultat og eit godt arbeidsmiljø blant tilsette og studentar.
  • gode kommunikasjonsevner og evne til å byggje nettverk og skape legitimitet og tillit internt og eksternt.
  • gode kunnskapar i eit skandinavisk språk (norsk, svensk eller dansk) og i engelsk

Vi tilbyr:

  • løn etter avtale (stillinga er plassert i kode 1475 Instituttleiar)
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Det vert stilt ressursar tilsvarande ein postdoktorstilling til rådvelde for at instituttleiaren kan oppretthalde eigen forskingsaktivitet.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dekan Gunn Mangerud, telefon +47 975 57 137 / e-post gunn.mangerud@uib.no eller
  • Fakultetsdirektør Elisabeth Müller Lysebo, telefon +47 975 57 135 / e-post elisabeth.lysebo@uib.no

Alle spørsmål vert handsama konfidensielt.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Ved utløpet av kvar åremålsperiode skal stillinga kunngjerast offentleg. Ingen kan tilsetjast samanhangande i same stilling i meir enn to åremålsperiodar.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegg kjønnsbalanse og mangfald i leiargruppene. Kunnskap om, og resultat frå, aktivt likestillings- og mangfaldsarbeid vert tillagt vekt ved rekruttering av leiare.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS