Ledig stilling ved Statistisk sentralbyrå

Førstekonsulent / rådgivar / seniorrådgivar - Seksjon for næringslivsundersøkingar

Søknadsfrist: 17.09.2020

Statistisk sentralbyrå

Statistisk sentralbyrå − tal som fortel


Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovudansvaret for offisiell statistikk i Noreg og har ei omfattande forskings- og analyseverksemd. Vi har rundt 850 medarbeidarar lokaliserte i Oslo og Kongsvinger, i tillegg til intervjuarar over heile landet.


SSB publiserer dagleg statistikk og analysar på ssb.no og har eit stort kontaktnett, òg internasjonalt.


Vi er ei kompetansebedrift med fagleg utfordrande arbeidsoppgåver, som satsar målretta for å modernisere SSB og byggje ein framtidsretta organisasjon.

Har du lyst til å bidra til utviklinga av SSB sine datainnsamlingstenester på Altinn-plattforma?

Seksjon for næringslivsundersøkingar har ansvar for å gjennomføre datainnsamling frå næringslivet, med vekt på tenester på Altinn-plattforma. Seksjonen søker nå etter ein medarbeidar som kan bidra med utvikling av datainnsamlingstenester i Altinn. Moderniseringa av Altinn gir rom for å kunne utvikle nye innsamlingsdesign. Stillinga vil også omfatte utvikling av datafangstdesign frå andre typar kjelder.

Arbeidsoppgaver

  • Utvikle datainnsamlingstenester i Altinn Studio / Altinn 3. Delta i tverrfaglege team som saman skal lage gode tenester i Altinn Studio
  • Planleggje utvikling av ny funksjonalitet i tenestene, og vere ein teknisk ressurs for utviklargruppa på seksjonen
  • Ansvar for å implementere gode rutinar for «smidig utvikling» og versjonshandtering. Gjennomføre nødvendige kompetanseutviklingstiltak for gruppa
  • Bidra som teknisk ressurs ved datafangst frå andre kjelder via API og andre utvekslingstenester

Kvalifikasjoner

  • Bachelor eller tilsvarande innan informatikk/programmering eller anna relevant utdanning med informatikk/programmering i fagkretsen
  • Relevant arbeidserfaring med bruk av verktøy som blir nytta ved utvikling av tenester i Altinn Studio / Altinn 3 (.Net Core, C#, React og Docker containers)
  • Generell kompetanse rundt UX-design og Universell utforming m.m.
  • Erfaring frå teamarbeid
  • Relevant arbeidserfaring kan erstatte utdanningskravet

Personlige egenskaper

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til sjølvstendig tilnærming til arbeidet
  • Løysingsorientert og målretta
  • Systematisk og leveringsdyktig
  • Omgjengeleg og motiverande for eit godt arbeidsmiljø
  • Personlig eigna til stillinga

Vi tilbyr

Lønn som førstekonsulent/rådgivar/seniorrådgivar (kode 1408/1434/1364), kr 456 400 200 - 704 900 etter kvalifikasjonar. Høgare lønn kan vurderast for søkjarar som er særleg godt kvalifiserte

  • Fleksibel arbeidstid og god pensjonsordning
  • Lyse og trivelege lokalar i Kongsvinger
  • Eit godt fagleg miljø som gir gode høve for eigenutvikling
  • Ein kunnskapsrik organisasjon, utfordrande arbeidsoppgåver, og eit hyggeleg og uformelt arbeidsmiljø

Generelt:

Attestar/vitnemål skal registrerast/leggjast ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Vi ber søkjarar som blir kalla inn til intervju, om å ta med originalar eller bekrefta kopiar av attestar og vitnemål. Vi kontrollerer dokumenta og gjennomfører bakgrunnssjekk på kvalifiserte søkjarar før tilsetting.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom ønska reservasjon ikkje blir tatt omsyn til, vil søkjaren bli varsla om dette før offentleg søkjarliste blir laga.

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer derfor medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Eksempel på det kan vere tekniske hjelpemiddel, fysisk tilrettelegging eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil minst ein søkjar i kvar av desse gruppene bli kalla inn til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling).

Vi oppmodar søkjarar til å krysse av dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Webcruiter-ID: 4279647513

Søk på stillingen

Kontaktinformasjon: