Systemutviklar (senioringeniør / overingeniør) ved IT-avdelinga - Sensitive data og LabIT
Søknadsfrist: 27.05.2024
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.
Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Vær med og form framtidas IT-tenester for forsking ved UiB!
Handtering og prosessering av forskingsdata har dei siste åra vekse fram som eit stadig viktigare område for forsking og kunnskapsutvikling. Ved IT-avdelinga si produktlinje for sensitive data og LabIT er det no ledig ei fast stilling knytt til utvikling og drift av løysingar for handtering og lagring av sensitive forskingsdata (SAFE) og data generert ved vitskapeleg laboratorieutstyr (LabIT). SAFE er UiB sitt såkalla ‘sikre analyserom’ og har i dag meir enn 500 brukarar innafor ei lang rekke fagområde, som medisin og helse, psykologi, samfunnsvitskap og kunst. Lab-IT er ei løysing som tilbyr nettverk, lagring/backup og fjerntilgang for avanserte instrument brukt i forsking ved UiB, til dømes mikroskop. Vi bidreg i tillegg til ei rekke nasjonale og internasjonale infrastrukturprosjekt, støtta av mellom anna Noregs Forskningsråd, Direktoratet for e-helse, EU og EOSC / European Open Science Cloud.
IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største IT-miljøa på Vestlandet. Avdelinga ynskjer å vere digitalt leiande og leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. Vi er ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i spennande aktivitetar innanfor heile UiB si verksemd og med brei kontakt med brukarane ved universitetet. Vi har eit stort mangfald av teknologiar, kompetanse og nasjonalitetar.
IT-avdelinga har om lag 110 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. Vi legg vekt på kontinuerleg forbetring med Lean-metodikk og nyttar ITIL-rammeverket for organisering av tenesteleveransar. Avdelinga har ei produktbasert tilnærming til alle leveransar. Den jobben har starta, og vi inviterer til å ta del i den vidare utviklinga. Sjå meir om IT-avdelinga her.
Ved produktområde for forskingstenester har vi no til saman fire faste stillingar utlyst, sjå gjerne om dei andre tre også er aktuelle for deg her.
Arbeidsoppgåver:
I denne jobben vil du være ein del av IT avdelinga si produktlinje for sensitive data og LabIT. Produktlinja tel i dag seks personar, som utviklar og drifter tenester for forsking. Du vil samarbeide med andre ingeniørar, forskarar og andre tilsette både ved IT-avdelinga og ved fakultet og institutt ved UiB.
Hovudoppgåva til denne stillinga vil være å utvikle, forvalte og drifte løysingar i SAFE for innhenting- og behandling av sensitive forskingsdata, til dømes personsensitive data frå helseregistre, befolkningsstudiar, genomikkanalysar, ulike typar spørjeskjema og videoopptak
Andre oppgåver som inngår er:
Utvikle sikre løysingar for dataoverføring.
Automatisere drift og tenester for sensitive forskingsdata.
Kontinuerleg forbetre alle tenester produktlinja leverer.
Dokumentasjon av teneste og rutinar.
Bidra aktivt i utviklinga av produkt gjennom samarbeid med forskarar og partnarar.
Bidra med teknisk kompetanse i utvikling og drift av alle løysingar som produktlinja har ansvar for.
Bidra til å vidareutvikle produktområda ved seksjonen og øvrig fagmiljø ved IT-avdelinga.
Delta i relevante e-infrastrukturprosjekt lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kompetanse innan programmering i eitt eller fleire av språka Python, JS, PHP.
Erfaring med DevOps på Linux, som Docker, Gitlab, CI/CD, Ansible og Shell.
Erfaring med databasar, som MariaDB/MySQL, Postgresql.
Erfaring med å bygge og bruke RestAPIer er ønskeleg.
Erfaring med integrering og automatisering av system.
God teknisk forståing av både applikasjonsutviklingsprosessar og rammeverk.
Evne til å sette deg inn i brukarens behov.
For overingeniør må du ha minst bachelorgrad eller ingeniørutdanning frå universitetet eller høgskule, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning.
For senioringeniør er kravet mastergrad innanfor relevant fagområde, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter -og vidareutdanning.
Vi søkjer ein person som
Er ein lagspelar som deler sin kompetanse og ser verdien av å gjere andre gode.
Tar initiativ, er nysgjerrig og har evne til å skaffe seg naudsynt kompetanse.
Viser interesse for å finne dei gode og enkle løysingane i samspel med brukarar, systemeigarar og eige team.
Er arbeidsvillig og har gjennomføringsevne.
Kan jobbe sjølvstendig, strukturert og er kvalitetsbevisst med auge for detaljar.
Kommuniserer godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk.
Kjenner du deg att i noko, men ikkje alt? Ingen problem, send oss ein søknad kvar du greier ut om kva du kan og vil jobbe meir med. Vi har alltid plass til spanande medarbeidarar med ulik bakgrunn.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar
Moglegheit for vidareutvikling og kompetanseheving.
Stilling som overingeniørar (kode 1087) kr 604 900 - 692 400 eller senioringeniør (kode 1181) kr. 657 300 - 759 100 avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Produktlinjeleiar Christine Stansberg (christine.stansberg@uib.no, mobil 402 33 184) eller
Produktområdeleder Alexander Oltu (alexander.oltu@uib.no, mobil 468 19 137)
Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.
Vi oppmodnar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.