LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Senioringeniør / overingeniør (DevOps system administrator)

Søknadsfrist: 19.06.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Senioringeniør/overingeniør (DevOps system administrator)

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei fast stilling som senioringeniør. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar til stillinga som senioringeniør, kan det bli aktuelt å tilsetje i stilling som overingeniør. Krav til kvalifikasjonar og praksis vert då redusert tilsvarande.

Om instituttet

Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom sju etablerte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Vi bygger i tillegg opp en gruppe innan informatikk fagdidaktikk. Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk spelar i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 900 studentar, 150 tilsette, deriblant 37 førsteamanuensar og professorar og 70 stipendiatar. Vi har etablert Center for Data Science (CEDAS) som ei viktig utviding av aktivitetane våre innan forsking og utdanning.

Computational Biology Unit (CBU) er UiB sitt forskingssenter for bioinformatikk, og er lokalisert ved Institutt for Informatikk. CBU koordinera den norske noden i ELIXIR, den europeiske ESFRI infrastrukturen for livsvitskap data, ELIXIR Norway.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga er ein del av CBU Service Group, og hovudarbeidsoppgåver vil vera utvikling og drift av Linux-basert server-infrastruktur over ulike typar virtuelle og fysiske plattformer. Stillinga bidrar til utviklingsarbeid i samanheng med ELIXIR Norway, inkludert nasjonale og internasjonale infrastruktur-prosjekt knytt til ELIXIR Norway noden. Arbeidet skjer i tett samarbeide med IT tilsette ved Institutt for Informatikk og den sentrale IT-avdelinga ved UiB.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha ein 3-5-årig høgare utdanning innanfor IT. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant praksis frå Linux systemadministrasjon i eit team med ansvar for medium kompleks IT-infrastruktur, inkludert bruk av virtualiseringsteknologi og praktisk sikkerheitsarbeid, er eit krav. Røynsle frå FreeBSD system administrasjon er ein føremon.
  • Røynsle frå serverdrift gjennom “infrastructure as code” er eit krav, ved å nytta ansible eller annan relevant liknande teknologi.
  • God kjennskap og praksis med Git versjonskontroll programvare og tenester er eit krav.
  • Kjennskap til “development and operations best practices (DevOps)” inkludert CI/CD er ein stor føremon.
  • Røynsle frå arbeid med storskala lagring, jobb-skedulering eller nettverksadministrasjon er ein føremon.
  • Røynsle frå programmering i Python eller Java er ein føremon.
  • Praksis frå arbeid i eit systemutviklingsteam er ønskjeleg.
  • Kjennskap til forskingsdata frå livsvitskap og bioinformatikk er ein føremon.
  • Det blir satt krav om gode engelskkunnskapar og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg.
  • Kandidaten må vere sjølvstendig og ha høg integritet.
  • Vi forventar entusiasme og gode evner til å jobbe i eit tverrfagleg teammiljø.
  • Kandidaten må kunne tileigna seg ny kunnskap for å løysa nye utfordringar.
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • lønn etter lønssteg 58-71 som senioringeniør (kode 1181). For tida kr 524 900 - 665 700,- i det statlege lønsregulativet, alternativt stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 55-65 (for tida kr 499 500 – 594 300,-) i det statlege lønsregulativet.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine interesser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter/vitnemål, og relevante sertifikat
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Inge Jonassen, Inge.Jonassen@uib.no eller gruppeleiar Kjell Petersen, Kjell.Petersen@uib.no

For HR-relaterte førespurnader, ta kontakt med Lene Sørheim

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan 19. juni 2022.

Tilsetting er underlagt godkjenning i henhald til loven om eksportkontroll.

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan tilsvarande arbeidsområde ved Institutt for Informatikk eller ved Universitetet i Bergen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS