LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Senioringeniør / overingeniør (DevOps system administrator)

Søknadsfrist: 24.09.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Senioringeniør/overingeniør (DevOps system administrator) 

Ved Institutt for informatikk ved Universitetet i Bergen er det ledig inntil to stillingar som senioringeniørar. Om det ikkje meldar seg kvalifiserte søkjarar til stillingane som senioringeniør kan det bli aktuelt å tilsetje ein eller to kandidatar i stilling som overingeniør.

Krav til kvalifikasjonar og praksis blir i så tilfelle redusert tilsvarande.

Om Institutt for informatikk

Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Om du ynskjer å vere ein del av eit gjennomgåande internasjonalt arbeidsmiljø, og å bidra til framifrå forskingsprosjekt, så søk jobb hos oss på Institutt for informatikk.

Instituttet er stort, og har vore i sterk vekst dei siste åra. No har vi om lag 1000 studentar innom oss, og av dei 150 tilsette er nærare 40forskjellige nasjonalitetar representert. Desse stillingane vil vere ein del av teknikarteamet på Computational Biology Unit (CBU), som er UiB sitt forskingssenter for bioinformatikk. CBU koordinerer ELIXIR Norway, den norske noden i ELIXIR, den europeiske ESFRI infrastrukturen for livsvitskap data.

Arbeidsoppgåver

I denne jobben vil du være ein del av CBU Service Group. Dette er ei gruppe som utviklar og drifter e-infrastruktur for forsking innen livsvitskap, og du skal samarbeide med forskarar og andre IT-tilsette både ved instituttet og ved universitetet sin sentrale IT-avdeling.

Hovudarbeidsoppgåva vil vere å administrere og vedlikehalde Linux-basert serverinfrastruktur over ulike typar virtuelle og fysiske plattformer.

Eksemplar på andre typar oppgåver kan vere:

  • Implementere og automatisere kontinuerleg integrasjon og kontinuerleg levering (CI/CD) for programvareutviklingsprosjekter
  • Overvake systemyting og gjennomføre proaktiv feilsøking og optimalisering
  • Designe og implementere sikkerheitsprotokoller og -policyer
  • Bidra til utviklingsarbeid i samanheng med ELIXIR Norway, inkludert nasjonale og internasjonale infrastruktur-prosjekt knytt til ELIXIR Norway noden.
  • Samarbeide med forskingsgrupper og teknisk personell for å forstå deira behov og yte teknisk ekspertise
  • Dokumentere prosesser og prosedyrer, samt holde deg oppdatert på ny teknologi og beste praksis

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Du må ha ein 3-5-årig høgare utdanning innan IT. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Du må ha relevant erfaring med Linux systemadministrasjon i eit team med ansvar for middels kompleks IT-infrastruktur, inkludert bruk av virtualiseringsteknologi og praktisk sikkerheitsarbeid.
  • Erfaring frå serverdrift gjennom “infrastructure as code” er eit krav, ved å nytta ansible eller annan relevant liknande teknologi.
  • God kjennskap og praksis med Git versjonskontroll programvare og tenester er eit krav.

Vi håper du også har fleire av punkta under: 

  • Kjennskap til “development and operations best practices (DevOps)” inkludert CI/CD vil vere ein stor fordel for deg i denne stillinga.
  • Om du har jobba med storskala datalagring, jobb-skedulering eller nettverksadministrasjon er det også ein fordel.
  • Det same gjeld programmering i Python eller Java, har du erfaring frå dette vil det vere ein fordel.
  • I tillegg ynskjer vi oss at du har praksis frå arbeid i eit systemutviklingsteam.
  • Om du kjenner til forskingsdata frå livsvitskap og bioinformatikk er det ein fordel.

Personlege eigenskapar er viktige, og det blir lagt vekt på desse:

  • Du må ha gode engelskkunnskapar og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg.
  • Du må vere sjølvstendig og ha høg integritet.
  • Vi forventar entusiasme og treng deg som har gode evner til å jobbe i eit tverrfagleg teammiljø.
  • Du skal jobbe ved ein forskings- og utdanningsinstitusjon, og du må kunne tileigna deg ny kunnskap for å løysa nye utfordringar.

Særeigne krav for denne stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Vi tilbyr

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 66-75 som senioringeniør (kode 1181). For tida kr 646 000 - 759 100,,- i det statlege lønsregulativet, alternativt stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 59-68 (for tida kr 575 400 - 667 700,-) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine interesser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter/vitnemål, og relevante sertifikat/kursbevis
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar
  • CV

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Inge Jonassen, Inge.Jonassen@uib.no eller 
  • Gruppeleiar Kjell Petersen, Kjell.Petersen@uib.no

For HR-relaterte førespurnader, ta kontakt med Karoline Christiansen, karoline.christiansen@uib.no.

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan tilsvarande arbeidsområde ved Institutt for Informatikk eller ved Universitetet i Bergen.

Universitetet i Bergen har et mål om at arbeidsstaben skal gjenspeile mangfaldet i befolkninga i størst mogleg grad. Vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Universitetet i Bergen legg vekt på å legge arbeidsforholda til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Spørsmål om stillinga

  • Karoline Christiansen (HR-rådgiver), 55 58 47 70, karoline.christiansen@uib.no

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS