LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Produktlinjeleiar - IT-avdelinga

Søknadsfrist: 13.10.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.

Vær med å forme framtidas IT-teneste ved Universitetet i Bergen Er du vår nye produktlinjeleiar?

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vær med å forme framtidas IT-teneste ved Universitetet i Bergen Er du vår nye produktlinjeleiar?

Med auka behov for brukarvenlege og stabile digitale løysingar for universitetet søkjer IT-avdelinga produktlinjeleiar (senioringeniør) i administrative system og dataflyt (Seksjon for digitale produkt og verksemdstenester). Vi jobbar saman i team med stor bredde i arbeidsoppgåvene, og no er vi ute etter ein person som kan utfylle teamet vårt og styrke kompetansen fagleg, teknisk og metodisk.

IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største IT-miljøa på Vestlandet. Avdelinga ynskjer å vere digitalt leiande og leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. Vi er ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i spennande aktivitetar innanfor heile UiB si verksemd og med brei kontakt med brukarane ved universitetet. Vi har eit stort mangfald av teknologiar, kompetanse og nasjonalitetar.

IT-avdelinga har om lag 110 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. Vi legg vekt på kontinuerleg forbetring med Lean-metodikk og nyttar ITIL-rammeverket for organisering av tenesteleveransar. Avdelinga vil ha ei produktbasert tilnærming til alle leveransar. Den jobben har starta, og vi inviterer til å ta del i den vidare utviklinga.

Arbeidsoppgåver:

  • Du inngår som leiar for produktteam som jobbar saman om å utvikle og forvalte tenester for heile UiB
  • Di hovudoppgåve vil vere å leie nyutvikling, vidareutvikling og forvaltning av UiB sine løysingar, både eigenutvikla og hyllevare
  • Du og produktteam må gjennom dialog med brukarar og tenesteeigarar i og utanfor avdelinga forstå brukarane sine behov og omsetje dei til oppgåver
  • Du og produktteam vil ha det tekniske ansvaret for ei løysing frå konsept til drift i samråd med produkteigar og i samspel med sterk fagkompetanse frå avdelinga og andre avdelingar på UiB.
  • Bidra til å vidareutvikle produktområda ved seksjonen og fagmiljøa ved IT-avdelinga og UiB
  • Personalleiing og utvikling av medarbeidarar i produktlinja
  • Bidragsytar i avdelingas og UiB sine aktivitetar for leiarar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Det krevast mastergrad innanfor relevant fagområde. Relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i nokon tilfeller kompensere for utdanningskravet.
  • Trygg i leiarrolla og komfortabel med varierte oppgåver
  • Du må vere strukturert og målretta
  • God teknisk forståing innanfor utvikling, integrasjonar og forvalting og evna sjå teknologien sin plass i verksemda
  • Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
  • God på prioriteringar i samarbeid med leiing og brukarar

Vi søker ein person som:

  • Er ein lagspelar som deler sin kompetanse og ser verdien av å gjere andre gode
  • Tar initiativ, er nysgjerrig og har evne til å skaffe seg naudsynt kompetanse
  • Viser interesse for å finne dei gode og enkle løysingane i samspel med brukarar, systemeigarar og eige team
  • Er arbeidsvillig og har gjennomføringsevne
  • Kan jobbe strukturert og er kvalitetsbevisst med auge for detaljar

Kjenner du deg att i noko, men ikkje alt? Ingen problem, send oss ein søknad kvar du greier ut om kva du kan og vil jobbe meir med. Vi har alltid plass til spanande medarbeidarar med ulik bakgrunn.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet.
  • Moglegheit for vidareutvikling og kompetanseheving.
  • Stilling som senioringeniør (kode 1181) løn kr 620 000 til 750 000 avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Moglegheit for avtale om delvis heimekontor
  • Fleksitid og gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Produktområdeleiar Kristian Holst (kristian.holst@uib.no, tlf 48162682), eller
  • Underdirektør Cecilie Ohm, (cecilie.ohm@uib.no, tlf 46474644)

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS