LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Produktlinjeleiar for sensitive forskningsdata og LabIT (senioringeniør)

Søknadsfrist: 12.10.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.

Er du nysgjerrig på ny teknologi og opptatt av mennesker? Er du vår nye produktlinjeleiar?

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vær med å forme framtidas IT-teneste for forskninga på UIB!

Ved IT-avdelinga, Seksjon for Digitale Produkt og verksemdtenester er det ledig stilling som produktlinjeleiar for sensitive forskningsdata og LabIT (senioringeniør).

IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største IT-miljøa på Vestlandet. Avdelinga ynskjer å vere digitalt leiande og leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. Vi er ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i spennande aktivitetar innanfor heile UiB si verksemd og med brei kontakt med brukarane ved universitetet. Vi har eit stort mangfald av teknologiar, kompetanse og nasjonalitetar.

IT-avdelinga har om lag 110 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. Vi legg vekt på kontinuerleg forbetring med Lean-metodikk og nyttar ITIL-rammeverket for organisering av tenesteleveransar. Avdelinga vil ha ei produktbasert tilnærming til alle leveransar. Den jobben har starta, og vi inviterer til å ta del i den vidare utviklinga. Sjå meir om IT-avdelinga her: Om-it-avdelingen-ved-uib

Produktlinje Sensitive forskningsdata og LabIT leverer etterspurde og høgt verdsette tenester/produkt til forskarar og studentar ved UiB, samt partnarar.

Arbeidsoppgåver:

  • Lede produktlinje sensitive forskningsdata og LabIT med fleire produktteam.
  • Du og produktteam må gjennom dialog med brukarar og tenesteeigarar i og utanfor avdelinga forstå brukarane sine behov og omsetje dei til oppgåver.
  • Du og produktteam vil ha det tekniske ansvaret for ei løysing frå konsept til drift i samråd med produkteigar og i samspel med sterk fagkompetanse andre relevante IT-ressursar frå avdelinga og andre avdelingar på UiB.
  • Bidra med teknisk kompetanse i utvikling og drift av produktlinje løysningar.
  • Bidra til å vidareutvikle produktområda digitale forskingstenester og produkt ved seksjonen og fagmiljøa ved IT-avdelinga og UiB.
  • Personalleiing og utvikling av medarbeidarar i produktlinja.
  • Bidragsytar i avdelingas og UiB sine aktivitetar for leiarar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Trygg i leiarrolla og komfortabel med varierte oppgåver.
  • God teknisk forståing av både Windows og Linux.
  • Erfaring frå forsking i relevante fag er ønskeleg.
  • Forståing og tidlegare erfaring frå applikasjonar forskarar bruker er ønskeleg.
  • Vi vil leggje spesiell vekt på evna til å arbeide målretta, sjølvstendig og effektivt.
  • Du har gode samarbeidsevner og evne til å byggje gode relasjonar internt og eksternt.
  • Du kommuniserer godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk.
  • Vi vil vektlegge personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga.
  • For senioringeniør er kravet mastergrad innanfor relevant fagområde, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter -og vidareutdanning.

Kjenner du deg att i noko, men ikkje alt? Ingen problem, send oss ein søknad kvar du greier ut om kva du kan og vil jobbe meir med. Vi har alltid plass til spanande medarbeidarar med ulik bakgrunn.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet.
  • Stilling som senioringeniør (kode 1181) løn 620 000 - 750 000 avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Moglegheit for avtale om delvis heimekontor
  • Fleksitid og gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Produktområdeleder Alexander Oltu (alexander.oltu@uib.no, mobil 468 19 137) eller
  • Underdirektør Cecilie Ohm (cecilie.ohm@uib.no, mobil 464 74 644)

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Nyutdanna er spesielt oppfordra til å søke.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS