Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Nett- og kommunikasjonsmedarbeidar

Søknadsfrist 11.02.2019

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi (ISS) er den fremste lærestaden i landet for sosiologi og samfunnsgeografi med forsking, undervising og formidling på høgste nivå. Instituttet tilbyr fire bachelorprogram og tre masterprogram. Det som kjenneteiknar vårt miljø er breidde, vedrørande tema og metodar, og at våre lærarar er høgt kvalifiserte forskarar. Det er ein god kjønnsbalanse i den vitskaplege staben, som omfattar 35 fast vitskapleg tilsette, omlag 40 stipendiatar og postdoktorar, og 12 tilsette i administrasjonen. ISS har totalt 80 kandidatar på PhD-programmet og 1500 registrerte studentar.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi (ISS) har ledig eit vikariat i 50 % stilling som nettredaktør og kommunikasjonsmedarbeidar (rådgjevar SKO 1434) i perioden 01.05.2019 - 31.07.2020.

Stillinga byr på interessante faglege utfordringar innan instituttet sitt kommunikasjonsarbeid. Instituttet arbeider for tida med å auke rekruttering av studentar, og kommunikasjonsmedarbeidaren vil mellom anna arbeide med å utvikle informasjon om forsking og studier, samt formidla sosiologisk og samfunnsgeografisk kunnskap breitt.

Kommunikasjonsmedarbeidaren inngår i eit team med studiekonsulentar, leiing og annan administrasjon på instituttet, men vil også samarbeide med kommunikasjonsrådgjevarar, nettredaktør og andre på fakultetet. Den som vert tilsett i stillinga vil ha det overordna kommunikasjonsansvaret på instituttet og representerer instituttet i SV-fakultetet sine to kommunikasjonsnettverk.

Arbeidsoppgåver

  • Formidle kunnskap og informasjon om forskinga ved instituttet i ei rekkje kanalar, deriblant nettsider og sosiale medier.
  • Redaktør for instituttet sine nettsider og Facebook-sida
  • Skriva nyhendesaker for nettsidene, og redigere tekstar og innhald frå andre (både tilsette og freelance journalister)
  • Ansvar for mediekontakt, og bidra til synleggjering av forskinga ved instituttet
  • Leia instituttet sin nettredaksjon

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum tilsvarande mastergrad, primært innan informasjon, journalistikk, mediefag eller samfunnsfag. Dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet
  • Erfaring frå liknande kommunikasjonsarbeid
  • Erfaring med nettarbeid, nettredigeringsverktøy og bruk av sosiale medier
  • Relevant kunnskap om/kjennskap til samfunnsfag
  • Svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk er ein føresetnad
  • Forstår tydinga av godt og klart språk, mediene sitt særpreg, og kjennskap til korleis ein kommuniserer med ulike målgrupper
  • Det er ein fordel med erfaring med bilderedigering

Personlege eigenskapar

  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
  • Tek ansvar og kan jobbe sjølvstendig, systematisk og effektivt
  • Har gode organisatoriske eigenskapar
  • Har interesse for samfunnsvitskaplege spørsmål

Vi tilbyr

  • Løn frå 257 600 - 309 650 i 50 % stilling som rådgjevar pr. år avhengig av kompetanse
  • Gode velferdsordningar
  • Faglege utfordringar og breitt fagleg nettverk
  • Eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • Relevante vitnemål, attestar og liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS