Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) har tre institutt: Institutt for økonomi og administrasjon, Institutt for maritime studiar og Institutt for samfunnsvitskap. Fakultetet har omlag 2780 studentar og 140 tilsette.
Det er 11 bachelorprogram og 4 masterprogram ved fakultetet. FØS har eit doktorgradsprogram i nautiske operasjonar som er ein fellesgrad med Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU), Norges arktiske universitet (UiT) og Universitetet i Sør Øst-Norge (USN). FØS er også vertsfakultet for doktorgradsprogrammet "Ansvarlig innovasjon og regional utvikling" (RESINNREG) som går på tvers av fleire fakultet i HVL. FØS har det faglege og administrative ansvaret for programmet.
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap har ledig stilling som seniorrådgjevar innan utdanningskvalitet
Stillinga er plassert i fakultetsadministrasjonen ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap og har hovudarbeidsstad ved campus Haugesund.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Stillinga skal gje støtte til fakultetet sitt arbeid med strategi og handlingsplaner for utdanningskvalitet.
Dette inkluderer
støtte til systematisk arbeid med utdanningskvalitet og oppfølging av kvalitetssystem
støtte til utdanningsleiing innan kvalitetsutvikling og kvalitetssikring
koordinere sak om studieportefølje
støtte og rettleie arbeid med etablering og revidering av studietilbod
oppfølging av studieplaner, rapportering, analyse og utgreiingsarbeid
saksførebuing til relevante råd og utval
utvikling av internasjonalisering i studieprogramma
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
Høgare utdanning på minst masternivå
Omfattande relevant administrativ erfaring og spesialkompetanse på særleg høgt nivå innanfor ansvarsområdet, tilpassa funksjonane i stillinga. For søkjarar med særleg omfattande og relevant erfaring kan kravet til mastergrad fråvikast, minimum er likevel fullført bachelorgrad.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
God digital kompetanse
Ønska kompetanse
Erfaring frå arbeid med utdanningskvalitet i høgare utdanning
Erfaring med å leie større utviklingsoppgåver/prosjekt
Erfaring med analyse- og rapporteringsverktøy
Erfaring med bruk av sakshandsamingsystem
Personlege eigenskapar:
Som seniorrådgjevar må du kunne arbeide sjølvstendig og strategisk, ta initiativ, vere ein pådrivar og ha god samarbeids- og kommunikasjonsevne. For å lykkast i stillinga må du vere løysingsorientert og ha god gjennomføringsevne. Oppgåvene vil også krevja at du er strukturert og nøyaktig i arbeidet ditt.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som er løna etter Statens lønsregulativ i stillingskode 1364 - seniorrådgjevar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.