LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Postdoktor innan mat og måltider i barnehagen

Søknadsfrist: 16.04.2023

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.
Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca. 120 ansatte i Sogndal, Bergen og på Stord.


Fagområdene i instituttet omfatter idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Instituttet er og ansvarlig for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet. Instituttet har ansvar for flere utdanninger på bachelornivå innen idrett, friluftsliv og folkehelse. I tillegg kjem masterutdanninger i idrettsvitenskap, lærerutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1-13 kroppsøving og idrettsfag og master i didaktiske praksiser. Instituttet gir også undervisning i fysisk forstring, naturfag og mat og måltid i barnehagelærerutdanningen, i mat og helse, naturfag og kroppsøving i de femårige grunnskolelærerutdanningene, og kroppsøving og naturfag i praktisk-pedagogisk utdanning. Instituttet bidrar også i fakultetet sitt Ph.d.-program: Danning og didaktiske praksiser.

Instituttet har studietilbud for utenlandske studenter på alle tre campus, samt etter- og videreutdanningstilbud.Ansatte på instituttet er involvert i forskning og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltar i faglige nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og en viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til videreutdanning og kompetanseutvikling i skole, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m.

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei stilling som postdoktor innan mat og måltider i barnehagen ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Om stillinga:

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI), campus Bergen, er det ledig ei stilling som postdoktor innan mat og måltider i barnehagen i tida 01.09.2023 - 31.08.2026.

Postdoktorstillinga inngår i forskningsprosjektet «TASTE Didactics – Food and Critical Thinking (SMAK) og vil vere tilknytta forskargruppa Mat og måltid i skole og barnehage og forskingssenteret BARNkunne.

Om prosjektet

Forskingsprosjektet SMAK har som overordna mål å støtte barn sine evne til å ta informerte og reflekterte matvalg ved å utvikle kritisk tenking og smakskompetanse. Matopplæringsaktivitetar i den vestlege verda har nesten utelukkande fokusert på rigide helsenormar og ein hegemonisk forståing av ernæring. Ein av konsekvensane av dette er at det er lite eller ingen plass igjen for barn til å reflektere over eigne matopplevingar. Det er difor behov for å utdjupe vår kunnskap om, og opplæring i smak som involverar både fysiologiske, psykologiske og sosiale dimensjonar. Hensikta med prosjektet er først å undersøkje smaksopplæring og smakskompetanse i barnehagen i dag, og så å utvikle og implementere ein smaksdidaktikk som let barn ta reflekterte matvalg. Postdoktorstillinga inngår i den delen av SMAK som omfattar måltider og matrelaterte aktivitetar i barnehagen. Andre delar av prosjektet omfattar mat- og helsefaget i skular i Norge og Danmark. Postdoktoren vil arbeide i samarbeid med resten av prosjektgruppa, og forskingsprosjektet vil skje i dialog med praksisfeltet.

Det er ønskeleg med tiltreding 01.09.2023.

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling med tilsetting på 3 år.Tilsetting i stilling som postdoktor har som hovudmål å kvalifisere for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Postdoktoren vil vere ein del av HVL sitt fagmiljø innanfor forskargruppen Mat og måltider i skule og barnehage og forskingssenteret BARNkunne. Postdoktoren forventast å avslutte prosjektet sitt innanfor åremålsperioden.

Postdoktoren vil ha sin arbeidsstad ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsområde:

Hovudoppgåvene til postdoktoren er å samle inn empirisk data blant barn og tilsette i barnehagar, og å gjennomføre empiriske og teoretiske analysar i samarbeid med kollegaer i prosjektgruppa. Postdoktoren forventast å delta i koordinering av prosjektet saman med professor Hege Wergedahl.

Som postdoktor vil du:

  • Delta i planlegging av ulike delar av prosjektet saman med kollegaer
  • Rekruttere barnehagar
  • Delta i datainnsamling og dataanalyse
  • Delta i utvikling og utprøving av smaksdidaktikk
  • Formidle forskingsresultat

I tillegg til arbeid i prosjektet er det forventa at den som vert tilsett samarbeidar godt med andre deltakarar i prosjektet og med involverte barnehagar. Aktiviteten skal resultere i publikasjonar skrivne anten saman med andre i prosjektet eller åleine, publisert i nasjonale og internasjonale fagfellevurderte tidsskrift: Det er forventa at postdoktoren er forfattar eller medforfattar på minst to poenggivande publikasjonar per år der minst ein av dei er på nivå 2.

Postdoktoren må vidare rekne med noko reising i samband med kollegasamarbeid og datainnsamling.

Kvalifikasjonskrav:

Oppnådd doktorgrad med relevans for mat og måltid i barnehagen og didaktikk i barnehagen. Dette kan for eksempel vere doktorgrad innan mat og måltidsarbeid for barn, samfunnsernæring, folkehelsearbeid, barnehagedidaktikk, sensorikk. Søkjarar med dokntorgrad frå andre fag, for eksempel innan sosiologi, antropologi, naturfag, som kan dokumentere god kjennskap til tematikken i utlysinga, f.eks. gjennom fagleg vinkling på doktoroppgåva, kan også vurderast som kvalifiserte. Avhandlinga må vere levert til vurdering innan søknadsfristens utløp, og den må vere godkjent før tilsetting kan skje.

  • Erfaring med kvalitative forskingsmetodar
  • Må meistre norsk og/eller skandinavisk språk
  • Gode språkkunnskapar i engelsk skriftleg og munnleg

Ved bedømming skal hovudvekta leggjast på søkjar sine kvalifikasjonar innanfor det utlyste området, med hovudvekt på kvalitet i doktoroppgåva og andre vitskaplege arbeid. Forskingserfaring eller yrkeserfaring frå barnehage vert vektlagt. I vurderinga av søkjarane vil vi leggje vekt på søkjar sin motivasjon, potensiale for forsking, sjølvstende, samarbeidsevne og om søkjar er personleg eigna for stillinga. Erfaring frå popularisering/formidling vil også bli vektlagt.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring med prosjektsamarbeid
  • Vitskaplege publikasjonar utover oppnådd grad

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i forskarteam
  • Samarbeidsevne og gode kommunikasjonsevner
  • Evne til å ta initiativ
  • Høy etisk medvet i møte med informantar

Stillingskategorien postdoktor er regulert av "Forskrift om ansettelsesvilkår for stillinger som postdoktor, stipendiat, vitenskapelig assistent og spesialistkandidat", fastsett av Kunnskapsdepartementet 31.1.2006 med heimel i Universitets- og høgskulelova §1-4.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.

Søkjaren skal leggje fram framlegg til prosjektskisse for kvalifiseringsarbeidet basert på hovudprosjektet. Det er ein føresetnad at søkjaren vil kunne gjennomføre delprosjektet i løpet av tilsettingsperioden og at skriftlege vitskaplege arbeid er sendt til vurdering i tidsskrift innan to år. Prosjektskissa skal vere på inntil 5 sider inkludert referansar, framdrifts- og publiseringsplan (Skriftstørrelse 12, Times New Roman og linjeavstand 1). Den kan skrivast på skandinaviske og engelske språk.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder;

  • prosjektskisse for kvalifiseringsarbeidet basert på hovudprosjektet (maks 5 sider)
  • CV, Vitnemål og karakterutskrift for alle akademiske gradar
  • vitskaplege arbeid (inntil 5 stk)
  • fullstendig publikasjonsliste.

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overskridar 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor-, master- og ph.d-grad) samsvarar med norsk utdanning. Sjå NOKUT for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit at du vil søkje postdoktorstilling. Dersom du ikkje har fått svar frå NOKUT innan søknadsfristen, leggjer du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har motteke søknaden din.

Søkjarar til postdoktorstillingar vert vurdert av ein bedømmingskomité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og andre krav fastsett i utlysinga. På bakgrunn av komitéen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju. Søknadene vert sendt elektronisk til bedømmingskomitéen.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som postdoktor vert lønna i stillingskode 1352 - Postdoktor.

Frå lønna vert det trekt 2 % innskudd til Statens pensjonskasse. Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ein kvar tid gjeld for stilling.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista vert handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, vert varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Professor Hege Wergedahl, tlf.: 55 58 58 54, e-post: hege.wergedahl@hvl.no

2) Instituttleiar Frode Fretland, tlf.: 57 67 63 78, e-post: frode.fretland@hvl.no

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS