Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i pedagogikk
Søknadsfrist: 01.01.2026
Publisert
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 5 700 studentar og 530 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har ca. 200 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.
Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, bachelorutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei midlertidig stilling i 100% som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor i pedagogikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Om stillinga
Stillinga inngår i Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, og er knytt til fagmiljøet praktisk-pedagogisk utdanning almennfag (PPUA) campus Stord. Fagmiljøet (3 campus) er stort og dynamisk med eit rikt og mangfaldig forskarmiljø med pågåande prosjekt nasjonalt og internasjonalt, og med brei kompetanse innanfor allmennpedagogikk, profesjonsretta pedagogikk og spesialpedagogikk.
I tillegg til å bidra i dei femårige grunnskulelærarutdanningane, deltar også fagmiljøet i tilskuddsordningane for desentralisert kompetanseutvikling og i etter- og vidareutdanningstilbod. Fagmiljøet er aktivt deltakande i andre masterutdanningar og i doktorgradsprogrammet «Danning og didaktiske praksisar».
Stillinga er ledig i tida 01.02.2026 - 31.06.2026.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:
Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil vere knytt til bachelor-, master-, og Ph.d.-utdanning og innanfor etter- og vidareutdanning.
Forsking- og utviklingsarbeid med klar relevans for instituttet sine fagområde. Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
Institusjonsbyggjande arbeid irekna: rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar.
Delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering samen med kollegaer i fagmiljøet.
For tilsetjing som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad i pedagogikk.
For tilsetjing som førstelektor må søkar ha førstekompetanse i samsvar med forskrifta og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.
Dersom det ikkje melder seg søkjarar med førstekompetanse, kan det bli aktuelt å tilsette som høgskulelektor. Kvalifikasjonskravet vil då vera minimum mastergrad i pedagogikk med godt resultat (A eller B).
Søkarane oppfordrast til å klargjera kva for stillingskategori ein søker på.
Språkkrav:
Undervisningsspråket er til vanleg norsk og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Det blir stilt krav om norskferdigheiter på B-2 nivå. Kompetanse i skandinavisk språk er likestilt med norsk. Kravet er oppfylt dersom søkjar har fullført norsk vidaregåande utdanning med opptak til norsk høgare utdanning, eller dokumenterer bestått språktest på B2-nivå.Utdanningsfaglig kompetanse
Utdanningsfaglig kompetanse er eit krav i alle undervisnings- og forskarstillingar.
Personlege eigenskaparDen som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Korleis søkje på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
Vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.)
Fullstendig publikasjonsliste
Attestar og vitnemål.
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søkjarar kan ikkje sende søknadar på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - Førsteamanuensis / 1198 - Førstelektor / 1008 - Høgskulelektor.
Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:
1) Assisterande instituttleiar Janne Halvorsen Kleppe, tlf.53491494, jhkl@hvl.no