LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førstekonsulent / seniorkonsulent - studentinnovasjon - HVL Skape

Søknadsfrist: 07.03.2024

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Høgskulen på Vestlandet har i samarbeid med Sogn Næring ledig eit vikariat i 100% stilling som førstekonsulent/seniorkonsulent knytt til studentinnovasjon og entrepenørskap - HVL Skape.

HVL Skape er Høgskulen på Vestlandet (HVL) sitt studenttilbod innanfor innovasjon og entreprenørskap som strekkjer seg utover det som skjer i fag og emne, og er eit tilbod for alle studieretninger og på alle campus.

HVL Skape ligg til Avdeling for samfunnskontakt- arbeidsliv og livslang læring i HVL. Avdelinga skal vere pådrivar for å vidareutvikle samarbeid med arbeids-, nærings-, og samfunnliv, styrke HVL sin posisjon i regionen og synleggjere HVL som kunnskaps- og kompetanseaktør.

I samarbeid med Sogn Næring søkjer vi ein førstekonsulent/seniorkonsulent som skal bidra i arbeidet med å vidareutvikle HVL Skape, bidra til kulturbygging og mobilisering for entreprenørskap blant ungdom, og knytte saman arbeid med innovasjon og entreprenørskap i HVL og Sogn Næring med resten av utviklingskapasiteten i Sogn. 

Stillinga skal ha eit særleg fokus på aktivitetar knytt til HVL campus Sogndal/Fosshaugane campus, men vil inngå i HVL Skape-teamet som vil få ressursar på alle fem campus i HVL (Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal, Stord). Stillinga skal og delta på aktivitar og interne prosessar hos Sogn Næring. Dette arbeidet er særleg knytt til gründarar, men utviklingsarbeid er og aktuelt.

Stilling ligg til Høgskulen på Vestlandet, men delfinansierast 50 prosent av Sogn Næring. Ein viktig funksjon i stillinga er å smelte miljøa saman, og stillinga vil få kontorplass både ved HVL og hos Sogn Næring.

Stillinga rapporterer til avdelingsleiar i Avdeling for samfunnskontakt – arbeidsliv og livslang læring, HVL, som og har personalansvar. 

Aktivitet knytt til Sogn Næring rapporterast til dagleg leiar i Sogn Næring.

Stillinga har arbeidsstad ved campus Sogndal.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Bidra i HVL sitt arbeid med å tilretteleggje for innovasjon og entreprenørskap blant studentar gjennom HVL Skape

  • Mobilisere til auka innovasjons- og entreprenørskapskultur blant studentar

  • Rettleie studentar med eigne innovasjons- og gründerprosjekt

  • Arrangement og aktivitetar i regi av HVL Skape, med eit særleg ansvar for planlegging, gjennomføring og oppfølging av arrangement og aktivitetar ved HVL campus Sogndal/Fosshaugane campus

  • Bidra i arbeidet med å koordinere og gjennomføre aktivitet i HVL Skape gjennom tett samarbeid internt i HVL, med Sogn Næring, og med øvrige samarbeidspartnarar

  • Bidra i Sogn Næring sitt arbeid med kulturbygging for gründerskap og mobilisering av gründere

  • Vere ein aktiv bidragsytar og del av Sogn Næring sitt offensive team som jobbar for vekst og utvikling i Sogn

  • Tilrettelegging for nettverksbygging og møteplassar mellom studentar og arbeidsliv

  • Samarbeid med arbeids-, nærings-, og samfunnsliv i regionen.

Kvalifikasjonskrav:

Utdanning og kompetanse:

  • Bachelorgrad, gjerne mastergrad, med relevans for den utlyste stillinga

  • Kjennskap til entreprenørskap og innovasjonsprosessar og arbeids- og næringsliv i regionen kan vere eit fortrinn

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk, eventuelt anna skandinavisk språk, og engelsk.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Gode samarbeidsevner

  • God formidlingsevne

  • Kjennskap til lokalmiljøet og utviklingsmiljøet i- og omkring Sogndal, og interesse for arbeids-, nærings-, og samfunnsliv i regionen kan vere eit føremonn

  • Erfaring frå prosjektarbeid, prosjektutvikling og søknadsprosessar knytt til eksternfinansiering kan vere eit føremonn

  • Forretningsforståing og kjennskap til utvikling av næringsverksemd kan vere eit føremonn

Personlege eigenskapar:

Vi søkjer ein kandidat som er sjølvstendig, kreativ og initiativrik. Ein bør like- og evne å kome i kontakt med folk, vere løysingssorientert, og kunne bidra til å skape engasjement.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ i stillingskode 1408 - førstekonsulent eller i stillingskode 1363 - seniorkonsulent, etter kompetanse.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av evt. justeringar i HVL si interne organisering.

Kontaktpersonar:

1) Avdelingsleiar for samfunnskontakt - arbeidsliv og livslang læring HVL, John Tveit, tlf.: 980 27 771

2) Dagleg leiar Sogn Næring, Line Bjelde, tlf.: 906 18 483 

Sogn Næring

Verdiane våre er initiativ, handlekraft og samspel. Sogn Næring sitt arbeid skal vere kjenneteikna av at me tek initiativ ved å inspirere og legge til rette for utvikling, nye løysingar, samarbeid og ny kunnskap. Vi skal vere handlekraftige ved å vere lett tilgjengelege og kunne mobilisere raskt når det trengs. Gode resultat blir til gjennom samarbeid med våre mange samarbeidspartnarar, og samspel er difor ein viktig verdi for selskapet.

Vi tilbyr:

  • ein spennande jobb, med gode utviklingsmoglegheiter
  • eit spennende, triveleg og offensivt arbeidsmiljø med gode kollega

Søk stilling

Powered by Labrador CMS