LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Assisterande instituttleiar med ansvar innan realfag

Søknadsfrist: 29.11.2023

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund. Kvart år uteksaminerer vi 3000 kandidatar som er med på å løyse viktige samfunnsoppgåver.


HVL har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og maritime utdanningar, lærar-, kultur- og idrettsfag, natur- og samfunnsvitskap, og økonomi og leiing.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane. Den overordna ambisjonen vår er å bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil.


HVL sin visjon er "Kunnskap som byggjer menneske og samfunn". Strategiske ambisjonar og mål har særleg merksemd på berekraftig samfunnsutvikling, velferd og innovasjon, forankra i våre verdiar - inkludere, utfordre og samhandle - som kjenneteiknar identiteten og kulturen hos oss.


Med verknad frå 1. januar 2024 blir det etablert eit nytt fakultet ved HVL, som er resultat av ei samanslåing av dagens Fakultet for ingeniør- og naturvitskap og Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap.

 

Fakultetet vil romme eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, økonomiske og administrative fag, maritime fag, samfunnsvitskap og humaniora, i tillegg til phd-utdanningar i datateknologi, ansvarleg innovasjon og regional utvikling og i nautiske operasjonar.


Fakultet vil ha fem institutt med om lag 500 tilsette og 5700 studentar. Fakultetet vert leia av dekan som har det overordna ansvaret for den faglege og administrative verksemda ved fakultetet og som rapporterer til rektor. Hovuddelen av fakultetet si verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men fakultetet har også aktivitet ved campus Stord.


Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag (førebels namn) har om lag 950 studentar og 140 tilsette i Bergen, Førde og Haugesund. Instituttet har ansvar for bachelorutdanningar i informasjonsteknologi og ingeniørutdanningar i automatisering med robotikk, datateknologi, elkraftteknikk, elektronikk og kommunikasjonsteknologi, i tillegg til undervisning i matematikk, fysikk og statistikk på ingeniørutdanningane ved fakultetet, samt forkurs til ingeniørutdanningane. Instituttet har også to masterprogram, eitt i anvendt datateknologi og ingeniørvitskap og eitt i programvareutvikling saman med Universitetet i Bergen. I tillegg har instituttet ansvaret for doktorgradsprogram i datateknologi.

Assisterande instituttleiar - Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag er det frå 01.01.2024 ledig ei 4-årig åremålsstilling som assisterande instituttleiar med ansvar innan realfag

Om stillinga

Som assisterande instituttleiar vil du støtte instituttleiar i leiinga av instituttet og ha eit særskilt ansvar for instituttet sitt fagområde i realfag. Stillinga inneber personal- og HMS ansvar for ein del av instituttet sine tilsette, og då først og fremst dei som er knytt til utdanning og forsking innan realfag. 

Du vil og ha fagleg og strategisk ansvar for instituttet sine studieprogram innan realfag, overordna ansvar for oppfølging av studentar i programma og ansvar for å støtte opp under forskingsaktiviteten i instituttet.

Som assisterande instituttleiar vil du saman med resten av leiarteamet få moglegheit å vere med og forme og utvikle retninga til både instituttet og det nye fakultetet. Du vil inngå i og leie eit fagmiljø som er i godt driv. Det er òg moglegheiter for kompetanseheving og -utvikling.

Det kan inngå andre arbeidsoppgåver i stillinga etter avtale med instituttleiar. Døme på slike oppgåver er studieprogramansvar, relevante undervisnings- og/eller forskingsoppgåver eller andre leiaroppgåver

Det vil også vere noko koordinering av oppgåver mellom campus, og det må påreknast ein del reiseverksemd mellom campusane.

Assisterande instituttleiar er del av instituttet si leiargruppe og har medansvar for utvikling av instituttet i samsvar med høgskulen sin strategi, målsetjingar og verdigrunnlag. Assisterande instituttleiar rapporterer til instituttleiar.

Arbeidsplassen vil vere i Bergen.

Intervju til stillinga vert forsøkt gjennomført kort tid etter søknadsfrist, fortrinnsvis tidleg i veke 49.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Legge til rette for eit godt arbeidsmiljø både for dei tilsette i fagområdet og på instituttet
  • Ivareta personal- og HMS- ansvar for ein del av instituttet sine tilsette
  • Ha ansvar for å lage arbeidsplanar og delta aktivt i personalplanlegging og ressursutnytting
  • Ha særleg ansvar for fagleg kvalitet i utdanning og forsking innanfor instituttet sitt fagområde 
  • Bidra med å tilpasse instituttet sine fagområde til samfunnets behov og utvikle utdanningstilbod på bachelor og masternivå og innan etter – og videreutdanning
  • Arbeide for godt læringsmiljø for studentane på instituttet
  • Arbeide for internasjonalisering i utdanning og forsking
  • Medverke til god rekruttering av studentar og tilsette
  • Bidra til godt samarbeid på tvers av campus og på tvers av institutt
  • Bidra til å vidareutvikle relasjonane til instituttet sine samarbeidspartnarar
  • Ha ansvar for å halde økonomiske rammer, og sikre formålstenleg bruk av instituttet sine ressursar

Arbeidsoppgåvene kan bli endra som følgje av strategiske vedtak i HVL eller fakultetet

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse: 

  • Høgare grads utdanning, fortrinnsvis førstekompetanse, med relevans for fagområda for stillinga
  • Dokumentert kompetanse og erfaring innanfor instituttet sitt fagområde
  • Leiarerfaring og dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling blir vektlagt, inkludert t.d. studieprogramansvar, forskingsgruppeleiing, leiing av større prosjekt mv.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Brei erfaring frå fagområdet
  • Erfaring med å leia arbeid med kvalitet på studieprogram i tråd med system for arbeid med kvalitet i utdanningane ved HVL og fakultetet
  • Erfaring frå forsking og undervisning på høgskule/universitetsnivå blir vektlagt.

Generelle kompetansekrav: 

  • God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag
  • God kjennskap til og forståing for verdien av kontinuerleg arbeid med likestilling og mangfald i utdanningane og i rekrutteringa av studentar og tilsette.
  • God pedagogisk kompetanse, m.a. god forståing for kunnskapsformidling og læreprosessar.
  • Erfaring frå samarbeid med arbeidslivet er ein føremon.
  • Erfaring med å utvikle og vedlikehalde relasjonar til relevante aktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
  • God forståing for moglegheiter i digitale løysingar.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar: 

  • Kan kommunisere, samhandle og bygge tillit og relasjonar internt og eksternt.
  • Kan delta aktivt i faglege diskusjonar og dele sine kunnskapar og erfaringar med andre
  • Kan motivere og inkludere fagmilljøet med vekt på samarbeid og medverknad
  • Har evne til strategisk heilskapleg perspektiv.
  • Har eit stort engasjement for å nå høgskulen og fakultetet sine ambisjonar.

Vi tilbyr:

  • Eit framoverlent fagmiljø i stor utvikling
  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som assisterande instituttleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1473 - studieleiar

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenkje.

Søkjar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Søk stilling

Powered by Labrador CMS