LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Prosjektleiar - SEFAL

Søknadsfrist: 06.08.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studiar, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.


HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.

Fakultetet har omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Forskingsaktiviteten ved fakultetet vert organisert i 5 forskingsprogram, 3 sentre og forskargruppar.


Senter for fysisk aktiv læring (SEFAL) er organisert under FLKI og har fokusområde innanfor fysisk aktiv læring (FAL) i grunnskulen. Senteret vart etablert ved HVL, campus Sognda, i august 2018. Det har 13 tilsette knytt til seg, og er leia av professor Geir Kåre Resaland. SEFAL tilbyr, som den einaste i Norge, høgskuleutdanning i fysisk aktiv læring i skulen både som etterutdanning utan studiepoeng og vidareutdanning på masternivå med 15 studiepoeng. Det er ein sterk dynamisk kopling i SEFAL-utdanningane mellom det faglege (FAL) og det å utvikle læraren sin pedagogiske praksis. Kandidatane vil arbeide med utdanningar og data knytt til praksisfeltet i grunnskulen. Det er difor gunstig med kunnskap om praksisfeltet i skulen og undervisingserfaring frå grunnskulen. Det er knytt betydeleg med forksing kring SEFAL-utdanningane, og SEFAL har eit stort internasjonalt fagleg nettverk.

Høgskulen på Vestlandet, Senter for fysik aktiv læring har ledig ei 50% stilling som prosjektleiar i Fysisk aktiv læring.

Stillinga er ledig frå september 2021 til 31.07.2023 og inngår i Senter for fysisk aktiv læring (SEFAL).

Arbeidsstaden er campus Sogndal.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga vert knytt til å leie arbeidet med utvikling og drifta av ASK-basen, ASK - Active Smarter Kids. Det er ein database primært for grunnskulen i Fysisk aktiv læring. Den som vert tilsett får ansvaret for å drive fram og koordinere utviklinga av basen og oppbygginga av innhaldet i samarbeid med det faglege miljøet i senteret. Samhandling med brukarar og eksterne partnarar inngår i stillinga. Den medfører bruk av digitale vertkøy og samarbeid med IKT- og mediemiljø.

Kvalifikasjonskrav:

Den som vert tilsette må ha gode kunnskapar og erfaring med fysisk aktiv læring, og utdanning på minimum bachelornivå. Det er ein føremon med leiar- eller prosjektleiarerfaring, og god erfaring med IKT.

Vidare må den som vert tilsett vere personleg eigna for stillinga, ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Vi søkjer etter ein medarbeidarar som er endrings-, utviklings og løysingsorientert. Høgt etisk medvit i møte med samarbeidspartnarar er påkravd.

Arbeidsspråket er norsk. Søkjarane må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk, og engelsk.

Tilsetjingsorgan er tilsetjingsråd ved Høgskulen på Vestlandet.

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling.
  • Høve for trening i arbeidstida.

Stillinga som prosjektleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1113- prosjektleiar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet - SEFAL er:

1) Førsteamanuensis Rasmus Stokke, tlf.: 951 54 332.

Søk stilling

Powered by Labrador CMS