LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Forskningsassistent - Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Søknadsfrist: 08.10.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studium, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.
Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdnningane, og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking.

I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt.

I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei 50 % mellombels stilling som forskningsassistent ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Stillinga inngår i Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, campus Bergen.

Stillinga er knytt til prosjektet «Avbilding i teiknspråk, som ein drivkraft til å fremma inkludering, kommunikasjon og oversetting (DEPICT)» som blir finansiert med middel frå Noregs Forskningsråd (https://www.hvl.no/en/research/prosjekt/depict/). Målet med prosjektet er å undersøka avbilding og kva rolle det har i kommunikative praksisar hos teiknspråkbrukarar.

Prosjektet har seks ulike arbeidspakkar. Stillinga gir gode moligheiter til faglig utvikling, og vil gi innsikt i vitskapleg arbeid og metode.

Det er ønskeleg med snarleg tiltredelse. Stillinga har ei varigheit til 30.06.2022. Det kan bli moglegheit for forlenging.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Delta i forskningsaktivitetane for prosjektet, som til dømes datainnsamling, annotering, analyse og rapportskriving.
  • Samarbeide med interne og eksterne forskarar om forskningsaktivitetane
  • Bistå i samarbeidet med interne og eksterne nettverk
  • Etter behov, bistå med andre oppgåver relatert til prosjektet

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Relevant utdanning innan teiknspråk (til dømes 80 studiepoeng i teiknspråk, eller bachelor i teiknspråk og tolking)
  • L1 (førstespråk/morsmål) eller liknande evner i eit teiknspråk

Ønskede kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå forsking eller praktisk erfaring som forskingsassistent
  • Kompetanse i flere teiknspråk enn norsk teiknspråk
  • Kompetanse i skriftleg norsk
  • Kompetanse i skriftleg engelsk

Personlege eigenskapar:

  • God evne til sjølvstende og systematisk arbeid
  • Analytisk evne
  • Likar utfordringar
  • Gode samarbeidsevner
  • Høgt etisk medvit i møte med dei ulike aktørane i forskingsprosjektet.

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål.

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1408

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynsket ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Instituttleiar Kristin Hinna, telefon 55 58 59 40, e-post: Kristin.Ran.Choi.Hinna@hvl.no

2) Førsteamanuensis Gro Hege Saltnes Urdal, telefon 55 58 59 61, e-post: Gro.Hege.Saltnes.Urdal@hvl.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS