LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Stipendiatstilling om skriftspråkpraksis hjå ungdommar

Søknadsfrist: 23.06.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.

Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogdal og på Stord. Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane og bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg gir instituttet masterutdanningar i undervisningsvitskap og masterutdanning i barne- og ungdomslitteratur. Instituttet bidreg også i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanheng er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen som til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei stilling som stipendiat i norsk/norskdidaktikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, campus Sogndal.

Stillinga er 3-årig og knytt til forskingsprosjektet «Multilectal Literacy in Education» (MultiLit) som har finansiering frå Noregs forskingsråd. Målet med prosjektet er å kaste lys over tileigning av nærståande skriftlege varietetar med fokus på nynorsk og bokmål men også uformelle, dialektnære skrivepraksisar. Vilkåra for tileigning av det minst brukte norske skriftspråket, nynorsk, står sentralt, og ei overordna problemstilling er korleis ulike skriftspråklege kompetansar verkar inn på læring meir allment.

Born og unge i tre ulike geografiske område i Noreg vert undersøkt; eit austnorsk område der bokmål er det vanlegaste opplæringsmålet, eit nordnorsk område med bokmål som opplæringsmål, og eit vestnorsk område der nynorsk er det vanlegaste opplæringsmålet. Det er eit krav at prosjektet til stipendiaten hentar data frå eitt eller fleire av desse områda. MultiLit har eit komparativt sideblikk til tileigning av frisisk og nederlandsk i provinsen Frisland i Nederland.

Høgskulen på Vestlandet har hovudansvar for MultiLit-prosjektet, og det er forankra i forskargruppa Lesing, skriving og språkutvikling i forskingsprogrammet Språk, kommunikasjon og læring. Prosjektet har fleire nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar, mellom anna forskarar ved Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) ved Universitetet i Oslo og AcqVA Aurora Center AcqVA Aurora Center ved UiT Noregs arktiske universitet.

Om stillinga:

Stipendiatstillinga er knytt til delprosjektet Skriftlege normer hjå fleirlektale og monolektale ungdommar (‘Written norms among multilectal and monolectal adolescents’). Vi søkjer vi ein høgt motivert fagperson med interesse for forsking på språkleg variasjon, «dialektskriving» på sosiale medium og korleis normer for «dialektskriving» blir forhandla og etablert.

Nokre av dei aktuelle forskingsspørsmål i delprosjektet er:

  • Kva for regionale mønster ser ein når det gjeld «dialektskriving» i private samanhengar blant norske ungdommar og korleis kan ein forklara desse mønstra?
  • Kva vil det seie å skrive på «dialekt»? Kva er dei lingvistiske og ortografiske kjennemerka ved «dialektskriving» - kva for språktrekk vert brukte og til kva formål?
  • Korleis forhandlar ungdommar om bruken av og den sosiale tydinga ved ikkje-standardspråklege normer?

Eit mogleg ph.d.-prosjekt kan til dømes vere å utforske kva skriftspråksrepertoar born og unge i skulealder nyttar i ulike (digitale) samanhengar og kva som motiverer vala. Eit anna ph.d.-prosjekt kan vere å utforske nærmare kva som vert oppfatta som «dialektskriving»: Kva for dialektale trekk vert nytta i ulike geografiske område, kva for sosial meining kan desse trekka ha og kva formål kan bruken av dei stette? Det kan også vere aktuelt å granske korleis normene for «dialektskriving» – eller meir generelt skriving av ikkje-standardiserte trekk – vert forhandla og etablert blant unge. Overordna vil geografiske mønster for «dialektskriving» og korleis desse kan forståast og forklarast, stå sentralt.

Stipendiatprosjektet må vere tematisk relevant for fakultetet si forskningsverksemd og for ph.d.-programmet "Danning og didaktiske praksisar".

Fakultetet si forsking er organisert i tre forskingssenter, fem strategiske forskingsprogram og 50 operative forskargrupper. Ei oversikt over forskingsorganiseringa ved fakultetet finn du HER.

Ph.d.-programmet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" omfattar om lag 60 stipendiatar som alle er i gang med sitt ph.d.-prosjekt. Sjå omtale, studieplan og opptaktskrav for programmet HER.

Ansvars- og arbeidsområde:

Stipendiaten skal inngå i eit opplæringsprogram for ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Stipendiatstillingar er rekrutteringsstillingar som skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved HVL. Den som vert tilsett, vil bli knytt til studiestad Sogndal i tilsetjingsperioden. Etter nærmare avtale kan det opnast for å ha den daglege arbeidsplassen ved andre plassar enn campus Sogndal, fortrinnsvis AcqVA Aurora-senteret ved UiT i Tromsø eller MultiLing Senter for fleirspråklegheit ved Universitetet i Oslo.

Det er vidare ein føresetnad at stipendiaten vert teken opp på ph.d.-programmet «Danning og didaktiske praksisar» ved HVL. Opptak krev normalt karakteren B eller betre på masteroppgåva. Nærmare informasjon om doktorgradsprogrammet finn ein her. Søknad om opptak til dette ph.d.-programmet skal først sendast etter eventuell tilsetjing. Seinast 3 månader etter tilsetjing må stipendiaten vere teken opp på ph.d.-programmet.

Stipendiaten vert oppmoda om å søkje utanlandsopphald i løpet av stipendiatperioden. MultiLits samarbeidspartnarar i Nederland er aktuelle vertsinstitusjonar.

Som stipendiat vil du:

  • delta i utviklinga av ny kunnskap om normer for og bruk av dialekt blant ungdom på sosiale medium og forholdet mellom dialektskriving og standardspråkleg skrivingråk i nært samarbeid med dei andre forskarane i det aktuelle delprosjektet og med forskarar i MultiLit-prosjektet meir generelt.
  • skrive ei artikkelbasert avhandling med minst tre artiklar i nasjonale og internasjonale vitskaplege tidsskrift, eller skrive ein monografi, og du vil presentere forskinga di på vitskaplege konferansar innanlands og utanlands.
  • arbeide sjølvstendig og i MulitLit-teamet, i tillegg til å bidra som medlem av forskingsgruppa Lesing, skriving og språkutvikling ved HVL. få tilgang på eit nasjonalt og internasjonalt nettverk av språk- og utdannningsforskarar gjennom dei partnarane som er med i MultiLit- prosjektet, noko som òg omfattar moglege medrettleiarar og deltaking på ph.d.-kurs ved UiO og UiT.

Kvalifikasjonskrav:

Søkjarar må ha mastergrad/hovudfag med karakteren B eller betre i norsk/nordisk/norskdidaktikk, språk/lingvistikk/språkdidaktikk, skrive- og leseopplæring eller tilsvarande masterutdanning med høg relevans for dei forholda som er skildra ovanfor.

Mastergradsoppgåva må vere levert til vurdering innan søknadsfristen, og mastergraden må vere godkjent seinast fire veker etter søknadsfristen.

Søkjarar må leggje ved ei førebels prosjektskildring på inntil fem sider, som presenterer tema, problemstilling, val av teori og metode. Denne vert brukt til vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten, og vil ikkje vere den endelege prosjektskildringa. Endeleg prosjektskildring og plan for gjennomføring av forskarutdanning vil seinare bli utforma i samråd med rettleiar når ein søkjer opptak til doktorgradsprogrammet.

Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter ein eventuell tilsetting. Seinast 3 månader etter tilsetting må stipendiaten vere teke opp på ph.d.-prgrammet "Studier og danning av didaktiske praksisar" ved Fakultet for lærerutdanning, kultur og idrett.

Det er ein føresetnad at stipendiaten oppfyller krava for opptak til Ph.d.-studiet:

  • Søkjer må ha fullført mastergrad, hovudfag eller tilsvarande og kunne dokumentere gode studieresultat. Normalt vil det vere ein føresetnad at søkjar har følgjende karakter:
    • Masteroppgåve eller tilsvarande: Karakter normalt B eller betre
    • Masterstudie; gjennomsnitt for studiedelen: Karakter normalt B eller betre

Søkjarar med mastergrad utan pedagogisk eller didaktisk komponent må dokumentere minimum 5 st.p. pedagogisk utdanning eller 1 års heiltidspraksis frå pedagogisk/didaktisk arbeid.

Ønska kvalifikasjonar:

Mest vektlagt er faglege kvalifikasjonar innanfor det utlyste området, med hovudvekt på kvaliteten i den vedlagde prosjektskildringa (sjå under). Intervjuet med søkjaren og kvaliteten på masteroppgåva vil òg ha vekt i vurderinga.

Arbeidsspråket er norsk, og det er difor krav om svært gode ferdigheiter i norsk. Det er òg eit krav om gode munnlege og skriftlege engelskkunnskapar.

Personlege eigenskapar:

Den som vert tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men óg evne til å arbeid sjølvstendig, ta intitiativ og vere fleksibel. Høg etisk medvet i forskingsarbeidet er påkravd.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder;

  • masteroppgåva/hovudfagsoppgåva
  • inntil fem vitskapelege arbeid du ønskjer å ha med i vurderinga
  • fullstendig publikasjonsliste
  • prosjektskildring
  • attestar og vitnemål.

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overskridar 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå NOKUT for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit at du vil søkje stipendiatstilling. Dersom du ikkje har fått svar frå NOKUT innan søknadsfristen, leggjer du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har motteke søknaden din.

Søkjarar til stipendiatstillingar vert vurdert av ein bedømmingskomité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og andre krav fastsett i utlysinga. På bakgrunn av komitéen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju.

Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget/råd ved Høgskulen på Vestlandet.

Søknadene vert sendt elektronisk til bedømmingskomitéen.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som stipendiat vert lønna i stillingskode 1017 - Stipendiat, lønstrinn 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå lønna vert det trekt 2 % innskudd til Statens pensjonskasse. Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ein kvar tid gjeld for stilling.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista vert handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, vert varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1)Leiar for MultiLit-prosjektet - professor Øystein Vangsnes, tlf.: 77 64 57 42, e-post: oystein.alexander.vangsnes@hvl.no

2) Leiar for delprosjektet "Skriftlege normar hjå fleirlektale og monolektale ungdommar" - professor Unn Røyneland, tlf. 22 84 40 37 / 938 31 064, e-post: unn.royneland@iln.uio.no

3) For generelle spørsmål - assisterande instituttleiar Tom Rune Kongelf, tlf.: 57 67 63 37, e-post: tom.rune.kongelf@hvl.no

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS