LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Stipendiat innan vokabularlæring hjå barn

Søknadsfrist: 01.08.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg gir instituttet masterutdanningar i undervisningsvitskap og masterutdanning i barne- og ungdomslitteratur. Instituttet bidrar også i Ph.D.-programmet Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei stilling som stipediat innan norsk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Om stillinga:

Stipendiatstillinga inngår i forskingsprosjektet the Second Language Learners Plus (SL+) som er finansiert av Norges forskningsråd. Prosjektet SL+ er tilknytta i forskargruppene Kvardagsliv i barnehagen (KiB) ved HVL og ComPros ved Universitetet i Oslo (for meir info:Kvardagsliv i barnehagen og ComPros).

SL+ skal utvikle og undersøkje effekten av eit digitalt vokabulartiltak for fleirspråklege barnehagebarn. Hensikta er å utarbeide eit pedagogisk opplegg som har vedvarande effekt på barna sitt breidde- og djubdevokabular, samt gjev ein overføringseffekt til andre språkområde og sosiale ferdigheiter. Datainnsamlingsmetodene som nyttast i prosjektet er blant anna systematiskkunnskapsoversikt (meta-analyse), observasjonar, intervju, enkelt-kasus design og randomisert kontrollert intervensjonsstudie (RCT).

SL+ er eit tverrfagleg prosjekt med fleire samarbeidspartnarar. Universitetet i Oslo har hovudansvar for prosjektet, i tillegg deltek HVL, Statped, University of Toronto, Harvard University, Göteborgs Universitet, University College London, Nina Skauge kommunikasjon/Skauge Forlag, Rakkestad kommune, Kvinnherad kommune, Stryn kommune, Sarpsborg kommune og Stord kommune.

Ansvars- og arbeidsområde:

Stipendiaten skal inngå i eit opplæringsprogram for ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Den som vert tilsett har arbeidsplassen sin ved campus Sogndal i tilsettingsperioden. Stipendiatstillingar er rekrutteringsstillingar som skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved HVL.

Det vert forutsett at stipendiaten vert teke opp på ph.d.-studiet Danning og didaktiske praksisar ved HVL. Nærmare informasjon om doktorgradsprogrammet finn ein på denne linken. Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter ein eventuell tilsetting. Seinast 3 månader etter tilsetting må stipendiaten vere teke opp på ph.d.-programmet Danning og didaktiske praksisar.

Vi søkjer ein høgt motivert fagperson med interesse for barnehageforsking, meir spesifikt vokabularintervensjonar, andrespråkslæring, pedagogiske og spesialpedagogiske språktiltak. Stipenidatar oppmodast til å søkje utanlandsopphald i løpet av stipendiatperioden. Prosjektgruppa har fleire internasjonale samarbeidspartnarar som kan vere mogeleg vertsinstitusjon.

Som stipendiat i SL+ vil du:

  • delta i den innovative utviklinga og gjennomføring av ein vokabularintervensjon, med særleg ansvar for utvikling og implementering
  • skrive ein artikkelbasert avhandling med minst tre artiklar i internasjonale tidsskrift (nivå 1 og 2) og presentere forskinga di på vitskaplege konferansar
  • arbeide sjølvstendig og i SL+ teamet, i tillegg til å bidra som medlem av forskargruppa KiB og forskargruppa ComPros

Kvalifikasjonskrav:

Søkjarar må ha oppnådd mastergrad med gode resultat i spesialpedagogikk, pedagogikk, psykologi, nordisk eller tilsvarande masterutdanning med høg relevans for temaet fleirspråkleg språkutvikling og vokabular.

Faglege kvalifikasjonar innanfor det utlyste område, med hovudvekt på kvalitet i masteroppgåva og metodiske kvalifikasjonar. Vitskaplege publikasjonar vil og ha betydning. I tillegg vil ei kort prosjektskisse vektleggjast (sjå under):

  • Opptak til ph.d.-programmet krev normalt karakteren B eller betre på masteroppgåva.
  • Arbeidsspråket er norsk, og det er difor krav om flytande norskferdigheiter. Det er og eit krav om gode munnlege og skriftlege engelskkunnskapar sidan prosjektet har fleire internasjonale samarbeidspartnarar.
  • Erfaring frå forskingsprosjekt med fokus på språkintervensjonar for fleirspråklege barn vert tillagt vekt.
  • Masteroppgåva må vere levert til vurdering innan søknadsfristen.
  • Søkjarar må leggje ved ei prosjektskisse på inntil fem sider som presenterer og grunngjev tema, problemstilling og val av teori og metode for eit potensielt prosjekt knytt til vokabularintervensjon for barnehagebarn med norsk som andrespråk. Denne prosjektskissa vert nytta til vurdering av kandidaten sine kvalifikasjonar og vil ikkje vere den endelege prosjektskildringa. Endeleg prosjektskildring og plan for gjennomføring av forskarutdannaninga vil bli utforma seinare i samråd med rettleiar når ein søkjer opptak til doktorgradsprogrammet.
  • Relevant metodologisk kompetanse vil vere ein fordel, men opplæring vil bli gitt.

Personlege eigenskapar:

Den som vert tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevne, men og evne til å arbeide sjølvstending, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i forskingsarbeidet er påkravd.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt eige ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder masteroppgåva/hovudfagsoppgåva og inntil 5 vitskaplege arbeid du ønskjer å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, prosjektskisse, attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrift eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettjingar. Dersom vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.

Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av eit sakkyndig utval. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, inntil 5 vitskapelege arbeid. På bakgrunn av utvalet si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju. Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalg ved Høgskulen på Vestlandet.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling.
  • Moglegheit for trening i arbeidstida.

Stillinga som stipendiat vert løna i stillingskode 1017/ 1378 Stipendiat, lønstrinn 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningsliner som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i henhald til ny offentleglov kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg, sjølv om søkjaren har anmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjara vil bli varsla om slik anmodning ikkje vert teke til følgje. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetting, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Førsteamanuensis Hilde Hofslundsengen, tlf.: 996 01 838, e-post: hilde.hofslundsengen@hvl.no

2) Professor II Kari-Anne B. Næss, tlf.: 922 40 741, e-post: k.a.b.nass@uv.uio.no

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS