LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET
Seniorrådgjevar (leiar- og organisasjonsutvikling)
Søknadsfrist: 15.08.2022

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering har ledig ei 100% fast stilling som seniorrådgjevar innan brukarorientert organisasjonsutvikling
Om stillinga:
HVL skal bli universitet og har ein ny ambisiøs verksemdstrategi gjeldande frå 1.1.2023. Til å støtte utviklings- og endringsarbeidet søker vi ein fagleg sterk seniorrådgjevar som kan gå inn i utviklings- og endringsprosessar som effektivt sameiner behov hos studentar, tilsette og omgjevnader.
Arbeidsstad for stillinga er ein av våre fem campus. Ein må rekne med noko reiseverksemd mellom våre campus.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåver som er knytt til stillinga vil blant anna vere:
- Grundige analysar av brukarbehov
- Utvikling av ein brukarretta organisasjon som stør opp under HVL si kjerneverksemd
- Utvikling av organisasjonsstrukturelle og -kulturelle tiltak som stør oppunder verksemdstrategien
- Utvikle HVL som ein lærande organisasjon med deling som sentral verdi
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetansar:
- Relevant høgare utdanning, minimum mastergrad, som samfunnsvitar eller siviløkonom med organisasjon- og leiing i fagkretsen
Ønska kvalifikasjonar:
- 5 års relevant erfaring
- God prosjektkunnskap
- Erfaring med å utvikle og gjennomføre organisasjonsutviklingstiltak i ein kunnskapsorganisasjon
- God forståing for digitalisering som endringsdrivar og bruk av digitale verktøy
- Erfaring med tenestedesign
Personlege eigenskapar:
- Analytisk og heilskapsorientert
- Initiativrik, fleksibel og med høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- Sjølvstendig, men arbeider godt i team
- Kan representere med høg integritet i faglege fora
- God til å formidle og skrive fagleg, tydeleg og poengtert
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1364 - seniorrådgjevar
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar.
Dersom vedlegg overskrid 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje. Den totale mengda av vedlegg kan ikkje vere meir enn 50 MB.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:
- Avdelingsleiar Wiggo Hustad, [email protected] / +47 971 98 787