Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Rådgjevar / seniorrådgjevar - Avdeling for utdanningskvalitet

Søknadsfrist: 26.08.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett.


HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Avdeling for utdanningskvalitet er det ledig eit årsvikariat som rådgjevar/seniorrådgjevar.

Om stillinga:

Avdeling for utdanningskvalitet har ledig eit års vikariat som rådgjevar/seniorrådgjevar for perioden 01.10.2020 - 31.09.2021. Stillinga vil vere ein del av eining for utdanningskvalitet, studieportefølje og analyse, som ligg under prorektor for utdanning sitt ansvarsområde. Eininga har mellom anna ansvar for utvikling og vedlikehald av system for det systematiske arbeidet med kvalitet i utdanningane, utvikling av studieportefølje, akkreditering og periodisk evaluering av studieprogram, kvalitet i studie- og emneplanar, årsrapport, studiebarometeret, Sei i frå, forvaltning av relevante lover og forskrifter og er sekretariatfunksjon for utdanningsutvalet, klagenemnda og skikkanmenda.Arbeidsstad vil vere ein av høgskulen sine fem campus.

Ansvars- og arbeidsområde:

Arbeidsoppgåver vil i hovedsak vere:

  • Kvalitetsarbeid, sakshandsaming- og koordineringsoppgåver knytt til eininga sitt ansvarsområde
  • Analyse og evaluering/oppfølging av studieprogram
  • Formidling og opplæring
  • Bidra til kvalitetsutvikling av utdanningane ved HVL
  • Deltaking og leiing av utviklingsprosessar

Kvalifikasjonar:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Høgare utdanning på mastergradsnivå med relevant praksis
  • Erfaring frå sakshandsaming, analyse, kvalitetssikring og utvikling
  • Erfaring frå liknande arbeid i sektoren er ein fordel
  • Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
  • Gode framstillingsevner munnleg og skriftleg på norsk og engelsk

Ønska kvalifikasjonar:

  • Sjølvstendig, strukturert og med god gjennomføringsevne
  • Nøyaktig, engasjert og løysingsorientert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Kjennskap til lov- og avtaleverk i offentleg sektor
  • God digital forståing og kompetanse er ein fordel

Personlege eigenskapar:

  • Serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
  • Mulighet for trening i arbeidstiden

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar. For særskilt kvalifiserte kandidatar vil stillingskode 1364- seniorrådgjevar vurderast

Frå lønn vil det bli trukket 2 % innskudd til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkkaren sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettjingar. Om vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. offentlegheitslova kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppførtpå søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansertalders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Avdelingsleiar Solfrid Kjoberg, telefon 57 67 62 04, Solfrid.Kjoberg@hvl.no

2) Fagansvarleg Lene Borgen Waage telefon 53 49 13 76, Lene.Borgen.Waage@hvl.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS