LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Prosjektkoordinator - Internasjonale prosjekt

Søknadsfrist: 08.08.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon omfattar felles administrasjon og forvaltning knytt til høgskulen sine forskings- og innovasjonsaktivitet samt internasjonaliseringsaktivitet. Avdelinga skal utviklast vidare og støtte opp under den faglege profilen og universitetsambisjonen til HVL.

Høgskulen på Vestlandet lyser ei fast 100% stilling som prosjektkoordinator knytt til eksternfinansierte internasjonale prosjekt.

Stillinga er lagt til Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon (AFII). Avdelinga sitt ansvarsområde er rådgjeving, administrasjon og sakshandsaming knytt til HVL sine forskings-, internasjonaliserings- og innovasjonsaktivitetar, og vi skal leggje til rette for at høgskulen lukkast i å nå målsettingane i høve til desse områda, følgje opp HVL sine strategiar og støtte opp under universitetsambisjonen til HVL. Vårt ansvar er heile HVL og vi jobbar på tvers av fakultet og campus. Prosjektkoordinatoren vil følgje opp større prosjekt i samråd med fakulteta, men arbeidsoppgåver vil bli koordinert av AFII.

Arbeidsstad for stillinga kan vere eitt av dei fem campus ved HVL; Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal eller Stord.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga skal sikre administrativ støtte til større, internasjonale eksternfinansierte prosjekt (til dømes prosjekt finansiert gjennom EU, Forskingsrådet, DIKU og Norad).

Aktuelle arbeidsoppgåver:

  • Prosjektoppfølgingsstøtte knytt til implementering av prosjektplan
  • Koordinere informasjonsflyt og formidlingsarbeid, internt og eksternt
  • Sakshandsaming, derunder hjelp med revisjonar, rapportering, kontraktar, samarbeidsavtalar og arkivering
  • Rettleie i høve til forskingsetikk, personvern i forsking, datahandtering og open forsking
  • Koordinere planlagde endringar i emne og studieprogram i samsvar med prosjektplanar
  • Hjelpe prosjektleiar med budsjettoppfølging og økonomistyring i samarbeid med prosjektøkonom
  • Fungere som kontaktperson opp mot aktuell finansieringskjelde

Kvalifikasjonskrav:

Til stillinga vert det stilt krav om:

  • Høgare utdanning på minimum masternivå eller tilsvarande
  • Relevant erfaring med internasjonale prosjekt innan forskings- og/eller utdanningssamarbeid
  • God kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Ønska kvalifikasjonar:

  • Relevant erfaring frå EU sitt rammeprogram for forsking og/eller utdanning
  • Erfaring med samarbeidsavtaler og kontraktar
  • Erfaring med formidling/kommunikasjonsarbeid
  • Kunnskap om forskingsetikk og personvern i forsking
  • Kunnskap om open forsking

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og løysingsorientert, ta initiativ og vere ein pådrivar
  • Evne til å arbeide strukturert og systematisk
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
  • Omgjengeleg og med evne til å trivast i eit travelt miljø

Personleg eignaheit vil bli vektlagd.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som prosjektkoordinator er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Avdelingsleiar Erin Fausa Pettersen, tlf.: 55 58 75 19 / 951 43 100, e-post: [email protected]

2) Nestleiar Elin Kvaale, tlf.: 55 58 55 52 / 412 01 796, e-post: [email protected]

Søk stilling

Powered by Labrador CMS