LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

HR rådgjevar - arbeidsmiljøarbeid, HMS og leiarstøtte

Søknadsfrist: 06.12.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for HR har tilsette ved alle dei fem kampusane. Avdelinga skal arbeida tett opp mot fakulteta og fellesadministrasjonen sine behov. Vidare skal leiarane støttast i utøving av arbeidsgjevaransvaret og i strategisk utviklingsarbeid innan HR-området. Avdeling for HR skal sørgje for at HVL har gode system for forvalting, og felles retningslinjer for ivaretaking av god personalpolitikk. Tenestene skal utviklast slik at tilsette og leiarane opplever HVL som ein attraktiv, trygg og utviklande arbeidsgjevar.

Høgskulen på Vestlandet, HR har ledig 100 % fast stilling som HR rådgjevar/seniorrådgjevar innan arbeidsmiljøarbeid, HMS og leiarstøtte

Ved Avdeling for HR har vi eit breitt samansett fagmiljø innan HMS og kompetanseutvikling.

Vi ønskjer å utvide staben med fleire ressursar innan fagområda HMS, sjukefråvær,konflikthandtering og arbeidsmiljøarbeid.

Avdelinga er organisert under Organisasjonsdirektør og stillinga rapporterer til Avdelingsleiar forHR. Stillinga tilhøyrer ei fageining som består av 13 årsverk fordelt på fleire campus.

Arbeidsstad for stillinga er campus Stord eller campus Haugesund.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Arbeidsopgåver knytt til stillinga vil i hovudsak vere:

  • Arbeidsmiljøarbeid
  • Førebyggande arbeid blant anna kytt til sjukefråvær
  • Leiaropplæring og rettleiing
  • Støtte til leiarar i personal- og konfliktsaker
  • Ta del i og leie individ- og gruppeprosessar på fagområdet
  • Vere sentral rådgjevar i utviklings- og endringsprosessar på fagområdet
  • Generell sakshandsaming mellom anna til AMU
  • Støtte til vernetenesta

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

Mastergrad innan psykologi, juridiske fag, helsefag, samfunnsvitenskapelige fag eller andrerelevante fagområde for stillinga.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring med arbeidsmiljøarbeid
  • Relevant erfaring frå personal- og konfliktsaker
  • Kompetanse på samtalemetodikk
  • Erfaring frå leiing av prosessar i større og mindre grupper vert vektlagt
  • God prosjektkunnskap
  • God forståing av digitalisering og bruk av digitale verktøy

Særleg godt kvalifiserte kandidatar kan bli tilsett i stilling som seniorrådgjevar.

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert, effektivt og målretta
  • Gode relasjonelle ferdigheiter
  • Kan representere med høg integritet i faglege fora
  • God til å skrive fagleg, tydeleg og poengtert
  • Initiativrik og engasjert
  • Fleksibel og serviceinnstilt

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som HR rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434/1364 - rådgjevar/seniorrådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Avdelingsleiar Wenche Fjørtoft, tlf 57 67 61 20e-post wenche.fjortoft@hvl.no

2) Fagansvarleg Elin Ekkjestøl, tlf 55 58 77 54e-post elin.ekkjestol@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS