LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Rådgjevar - studierettleiar

Søknadsfrist: 04.09.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har ledig fast 100% stilling som rådgjevar - studierettleiar

Om stillinga:

Som rådgjevar i studieadministrasjonen har ein ansvar for administrativ oppfølging og kvalitetssirking av studieprogram. Stillinga vil vere retta mot bachelor- og masterprogramma på campus Bergen, masterprogram på tvers av campus og vidareutdanningar i fakultetet. Sentrale oppgåver er informasjonsarbeid, rettleiing av studentar, saksbehandling og saksutgreiing. Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene, som spenner frå rutinearbeid til utviklingsoppgåver. Stillinga vil bli tillagt koordinerande oppgåver og arbeid med strategiske satsingar som livslang læring, internasjonalisering og digitalisering er aktuelt. Stillinga krev stor grad av sjølvstende.

Arbeidsstaden er campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Rettleiing av studentar i studieadministrative saker
  • Sjølvstendig og krevjande saksbehandling
  • Informasjonsarbeid retta mot studentar og tilsette
  • Koordinerande oppgåver og praktisk tilrettelegging i studieprogramma
  • Kvalitetssikring av studieprogram og emne og administrativt arbeid med studie- og emneplanar
  • Registrering og kvalitetssikring av studentopplysningar og individuelle utdanningsplanar
  • Utviklingsoppgåver og analyse knytt til utdanningskvalitet, system og rutinar
  • Saksførebuing til råd, utval og leiargrupper

Andre relaterte ansvarsområde og arbeidsoppgåver kan også vere aktuelle

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Høgare utdanning på minimum bachelornivå, fortrinnsvis masternivå
  • Relevant administrativ erfaring
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • God digital kompetanse
  • Analytisk kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå universitets- og høgskulesektoren
  • Erfaring frå studieadministrativt arbeid
  • Erfaring frå utviklingsarbeid
  • Spesialkompetanse på høgt nivå tilpassa funksjonane i stillinga

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Utviklingsorientert, initiativrik og fleksibel
  • Sjølvstendig og løysingsorientert
  • Strukturert og ansvarleg

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som studierettleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Eli Borsholm, studieadministrativ leiar tlf: 55 58 59 57 / 92 02 91 50

2) Trude Myklebust, fagansvarleg studiesaker, tlf. 55 58 59 74 / 97 56 44 28

Søk stilling

Powered by Labrador CMS