Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Avdeling for HR har tilsette ved alle dei fem campusane. Avdelinga skal arbeida tett opp mot fakulteta og fellesadministrasjonen sine behov. Vidare skal leiarane støttast i utøving av arbeidsgjevaransvaret og i strategisk utviklingsarbeid innan HR-området.
Avdeling for HR skal sørgje for at HVL har gode system for forvalting, og felles retningslinjer for ivaretaking av god personalpolitikk. Tenestene skal utviklast slik at tilsette og leiarane opplever HVL som ein attraktiv, trygg og utviklande arbeidsgjevar.
Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for HR har ledig fast stilling som rådgjevar innan HMS/IA-området
Om stillinga:
Vi har ledig fast stilling som rådgjevar innan HMS/IA-området ved Avdeling for HR. Avdelinga er organisert under Organisasjonsdirektør og stillinga rapporterer til Avdelingsleiar for HR. Fageining for HMS og strategisk kompetanseutvikling består av 12 årsverk fordelt på fleire campus.
Arbeidsstaden er campus Bergen.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåver knytt til stillinga vil i hovudsak vere:
Systematisk HMS-arbeid og IA
Støtte til leiarar i personal- og konfliktsaker
Prosjektarbeid
Generelt analyse-, rapportering og utgreiingsarbeid
Generell sakshandsaming
Kontakt med bedriftshelsetjeneste og andre samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
Søkjarar må ha relevant utdanning på bachelornivå, helst masternivå
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Erfaring frå HMS og IA-arbeid vil bli vektlagt
Det er ønskjeleg med erfaring frå personal- og konfliktsaker og samtalemetodikk
Gode kunnskapar i relevant lov- og avtaleverk
Digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på båe målformar og engelsk
Personlege eigenskapar:
Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert, effektivt og målretta
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Initiativrik og engasjert
Fleksibel og serviceinnstilt
Raus og inkluderande
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som rådgivar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgivar
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.
Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.
Generell informasjon:
Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.
Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.
Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV.