LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Koordinator for forskarskulen NORBARN

Søknadsfrist: 23.06.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.

Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei fast stilling som koordinator for forskarskulen NORBARN ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Høgskulen på Vestlandet (HVL) lyser ut fast 100% stilling som koordinator knytt til forskarutdanning og eksternfinansierte nasjonale og internasjonale prosjekt.

Om stillinga:

Stillinga er lagt til Fakultet for Lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI). Ansvarsområde er koordinering, administrasjon, sakshandsaming og rådgjeving i prosjektet Forskarkulen NORBARN (NFR-prosjekt NORCHILD 2022-2030). NORBARN tilbyr frå hausten 2023 eit fagleg tilbod innan arbeidslivsretta barnehageforsking for kandidatar som er tekne opp i eit ph.d.-program. Forskarskulen legg vekt på overførbare ferdigheiter som betre knyt barnehageforsking til arbeidslivet. NORBARN skal skapa eit sentrum for debatt og dialog (NORBARN HUB) om den nordiske barnehagen. Den faglege opplæringa i forskarskulen vil supplere tradisjonell ph.d.-opplæring med ekstra undervisnings- og læringsressursar som legg vekt på å utvikle ferdigheiter som styrkar samhandling mellom akademia og barnehagesektoren. NORBARN utgjer eit aktivt nettverk av veiledarar, mentorar og forskarar i forskingsmiljø og nøkkelpersonell i norske kommunar og barnehagar.

Stillinga er knytt til at HVL er vertskap for Forskarskulen NORBARN, og går slik inn i arbeidet med å legge til rette for at høgskulen lukkast i å nå målsettingane i dette prosjektet. Koordinatoren vil følgje opp forskarskulen i tett samråd med Eining for forsking ved FLKI og BARNkunne – Senter for barnehageforsking, som er eit eksternt finansiert forskingssenter med støtte frå Forskingsrådet og alle partnarane i prosjektet.

Ein del av stillinga vil handle om å bidra til koordinering, administrasjon og sakshandsaming av opplæringsdelen innen ph.d.-programmet «Studiar av danning og didaktiske praksisar» ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Dette innber mellom anna rekruttering, opptak og oppfølging av emneportefølje.

Arbeidsstad for stillinga er ved campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga skal sikre administrativ støtte til forskarskulen NORBARN og relatert aktivitet i BARNkunne og i FLKI sitt ph.d.-program Studiar av danning og didaktiske praksisar. Koordinatoren vil fungere som prosjektleiar sin næraste medarbeidar.

Aktuelle arbeidsoppgåver:

  • Prosjektoppfølgingsstøtte knytt til implementering av prosjektplan
  • Koordinere informasjonsflyt og formidlingsarbeid, internt og eksternt
  • Sakshandsaming, derunder hjelp med revisjonar, rapportering, kontraktar, samarbeidsavtalar og arkivering
  • Koordinere planlagde kurs, endring og utvikling i kursportefølje i samarbeid med partnarar
  • Hjelpe prosjektleiar med budsjettoppfølging og økonomistyring i samarbeid med prosjektøkonom
  • Fungere som kontaktperson
  • Koordinering av emneporteføljen opplæringsdelen innen ph.d.-programmet «Studier av danning og didaktiske praksiser»

Kvalifikasjonskrav:

Til stillinga vert det stilt krav om:

  • Høgare utdanning på minimum masternivå, fortrinnsvis doktorgradsnivå
  • Erfaring med forsking og forskingsstøtte
  • Brei digital kompetanse
  • Relevant erfaring med prosjekt innan forskings- og/eller utdanningssamarbeid
  • God kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring med samarbeidsavtaler og kontraktar
  • Erfaring med formidling/kommunikasjonsarbeid
  • Kunnskap om forsking
  • Kjennskap til Felles Studentsystem (FS) er ein føremon

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og løysingsorientert, ta initiativ og vere ein pådrivar
  • Evne til å arbeide strukturert og systematisk
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Omgjengeleg og med evne til å trivast i eit målretta miljø
  • Smidigheit og villigheit til utvikling og endring av arbeidsoppgåvene

Personleg eignaheit vil bli vektlagd.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som koordinator er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Prodekan for forsking Vegard Fusche Moe, tlf.: 57 67 60 37, e-post: vegard.fusche.moe@hvl.no

2) Forskingsleiar for BARNkunne Elin Eriksen Ødegaard, tlf.: 55 58 59 32, e-post: elin.eriksen.odegaard@hvl.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS