LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Rådgivar / seniorrådgivar ved Fakultet for helse- og sosialvitskap

Søknadsfrist: 22.05.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.


Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.

Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap har ledig fast stilling i 100% som rådgiver/seniorrådgiver ved fakultetsadministrasjonen.

Om stillinga:

Vi ser etter deg som ønsker å bidra til at utdanninga og forskinga ved Fakultet for helse- og sosialvitskap medverkar til betre helse- og velferdstenester, behandling, mestring og omsorg til pasientar og brukarar i alle situasjonar og livsfasar.

Den som ansettes skal gi administrativ støtte til fakultetsledelsen. Rådgiver/seniorrådgiver rapporterer til administrasjonssjef, men vil i tillegg utføre deler av sine arbeidsoppgaver i tett samarbeid med både dekan og institutt- og senter ledelse. Som medarbeider i fakultetsadministrasjonen vil du få en sentral rolle i utviklinga av fakultetet ved å arbeide tett med leiinga i strategiske spørsmål som bidreg til utvikling av fakultetet. Dette inneber sakshandsaming, og ansvar for utgreiingsarbeid og prosjektarbeid. For å trives i denne rollen må du være selvgående og trives med ansvar.

For å kunne ivareta samfunnsoppdraget vårt er vi helt avhengig å følge utviklingen i samfunnet, dette utfordrer blant annet vår måte å utnytte digital teknologi til å skaffe seg god styringsinformasjon, effektivisere administrative støttefunksjoner og sikre god forvaltning. Vi ser derfor etter en person som er nysgjerrig og som gjerne tør å prøve ut nye tilnærmingsmåter på veien til målet.

Det vert forventa at den som vert tilsett tek ansvar for utvikling av arbeidsområdet og tek initiativ til samarbeid og samhandling for å byggje ein god organisasjonskultur i HVL.

Arbeidsplassen kan vere på ein av campusane; Haugesund, Stord, Førde, Bergen eller Sogndal

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Rådgjevar vil ha eit breitt spekter av oppgåver, til dømes:

  • Oppfølging og utarbeiding av rapportering, handlingsplanar og strategiar
  • Analyse-, rapporterings- og utgreiingsarbeid
  • Førebuing av høyringssaker i fakultetet
  • Saksførebuing og drift/sekretariatsfunksjon for råd og utval i fakultet
  • Bistå med planlegging/organisering av fellesaktivitetar i fakultetet
  • Samarbeid med tilsette i fellesadministrasjonen og administrasjonen på kvar einskild campus
  • Administrativ støttefunksjon i andre saker etter behov og i samråd med administrasjonssjef

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Relevant høgare utdanning på minst bachelornivå, fortrinnsvis masternivå
  • Administrativ erfaring og spesialkompetanse på høgt nivå og innanfor stillinga sitt funksjonsområde
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå analyse-, utgreiings- og rapporteringsarbeid

Generell kompetanse:

  • Du har gode datakunnskaper og har evnen til å raskt sette deg inn i nye systemer
  • Erfaring frå, og/eller god kunnskap om universitets- og høgskulesektoren
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • God økonomiforståelse

Personlege eigenskapar:

  • Kunne arbeide sjølvstendig og strategisk
  • Gjennomføringsevne og løysingsorientering
  • Gode evner til kommunikasjon og samhandling
  • Positiv, fleksibel og gode samarbeidsevner
  • Du er nytenkende og glad i endringer

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1364 - seniorrådgivar eller stillingskode 1434 - rådgivar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Administrasjonssjef Trude Engebretsen - tlf: +47 55 58 78 86

Søk stilling

Powered by Labrador CMS