LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Postdoktor ved Institutt for helse- og omsorgsvitskap

Søknadsfrist: 15.12.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.


Ved institutt for helse- og omsorgsvitskap er vi om lag 220 tilsette og om lag 2400 studentar fordelte på studiestadane Førde, Bergen, Haugesund og Stord. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie og masterstudium i klinisk sjukepleie med sju ulike fordjupingsområde. I tillegg har vi masterstudium i jordmorfag, masterstudium i samhandling og folkehelse, masterstudium i avansert klinisk allmennsjukepleie og master i sjukepleie - kliniske spesialitetar, samt ei rekkje vidareutdanningar. Forskinga vår er retta mot å styrke kunnskapsgrunnlaget innan klinisk sjukepleie, kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenester, folkehelse og livsstil samt utdanningskvalitet.

3-årig postdoktorstilling

Om stillinga

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei åremålsstilling som postdoktor i 100 % stilling i 3 år ved Fakultet for helse- og sosialvitskap ved campus Stord, Haugesund, Sogndal, Førde eller Bergen. Stillinga er ledig med oppstart 01.01.2022.

Postdoktorstillinga er knytt til Institutt for helse- og sosialvitskap, og forskingsgruppa DiaBEST. Meir informasjon om forskargruppa finn du her

Den ledige stillinga er knytt til forsking på telemedisinsk oppfølging av sår i kommunehelsetenesta i samarbeid med spesialisthelsetenesta, og det vil vere eit særskilt fokus på bruk av helsetenester og kostnader, inkludert helseøkonomiske analyser.

Vi søkjer ein dyktig sjukepleiar med doktorgrad, erfaring innan kvantitativ metode og særskilt interesse for helseøkonomi er ønskjeleg.

Data blir henta frå to RCT-studier knytt til telemedisinsk oppfølging av fot- og/eller leggsår. I samarbeid med danske kollegaer, har vi no lagt til rette for å kunne gjere komparative kostnadseffektive studier og ein meta-analyse av telemedisinsk oppfølging av diabetesrelaterte fotsår.

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Bidra til gode prosessar i prosjektgruppa
  • Bidra i arbeid med datahandsaming i prosjektet og tilgrensande prosjekt
  • Skriving av minst tre vitskaplege artiklar og bidra i ytterlegare to artiklar
  • Formidling av arbeidet på konferansar, i fagmøte og i brukarfora
  • Bidra i rettleiing av mastergradsstudentar og til eit godt miljø for stipendiatar i forskingsgruppa
  • Bidra til tilrettelegging av møter i forskingsgruppa og nettverksmøter med gjesteforskarar

Kvalifikasjonskrav:

Krav til stillinga:

  • Søkjarar må ha oppnådd ph.d.-grad eller tilsvarande utanlands doktorgrad godkjent som likeverdig med norsk doktorgrad. Ph.d.-grada må vere avlagt ved utløp av søknadsfrist.
  • Finansieringskjelde krev autorisasjon som sjukepleiar
  • Erfaring med kvantitativ forsking
  • Kandidaten må ha gode norskkunnskaper og/eller beherske eit annet skandinavisk språk, og ha gode ferdigheiter i skriftleg og munnleg engelsk

Ønska kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning innan helseøkonomi er ein fordel
  • Erfaring med og vitskaplege publikasjonar frå helseøkonomi eller pasientrapporterte data vert vektlagt

Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og samtidig bidra til fellesskapet i fagmiljøet generelt og i forskingsgruppa spesielt.

Personlege eigenskapar:

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Strukturert
  • Stor arbeidskapasitet, effektiv og fleksibel
  • Trivast med å arbeide i tverrfagleg team

Tilleggskrav:

Søknadsbrevet bør skildre forskingsinteresser og motivasjon for stillinga. Vi ber søkjarane om å utforme ein førebels prosjektskisse med utgangspunkt i rammene som er lagt i «Telemedisinsk oppfølging for sår» sin overordna prosjektplan. Skissa bør innehalde forslag til forskingsspørsmål som kan sette lys på dei overordna problemstillingane, gje ein kortfatta forskingsgjennomgang, og gjere greie for val av metodisk tilnærming, potensielle metodiske/etiske utfordringar og framdrifts- og publiseringsplan. Skissa skal vere maks fem sider (inkl. referansar), med skriftstørrelse 12 og linjeavstand 1, og skrivast på skandinavisk eller engelsk språk. Skissa vil primært bli brukt til å vurdere kandidaten sine kvalifikasjonar, og vil derfor ikkje vere den endelege planen for arbeidet. Ved vurdering av søknader blir hovudvekta lagt på innleverte vitskaplege arbeid, forskingsinteresser og motivasjon for stillinga (søknadsbrevet) og prosjektskissa.

Ta kontakt med prosjektleiar professor Marjolein M. Iversen for å få tilsendt prosjektskildring til «Telemedisinsk oppfølging for sår» (sjå under for kontaktinformasjon).

Korleis søke på stillinga

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk), fullstendig publikasjonsliste, prosjektskisse med publikasjonsplan (inntil 5 sider), attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimeras før opplasting eller leggast ved som lenkje.

Søkjarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkunnig komité. Vurderinga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse. Med grunnlag i komiteen si innstilling, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveførelesing. Tilsettingsutvalet ved Fakultet for helse- og sosialvitskap er tilsettingsorgan.

Søknadane blir sendt elektronisk til den sakkunnige komitéen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida

Stillinga er løna i stillingskode 1352 - postdoktor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg, sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar blir varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Prodekan for forsking Alice Kvåle,tlf 55 58 56 58e-post Alice.Kvale@hvl.no

2) Prosjektleiar Marjolein Memelink Iversen,tlf 55 58 55 18e-post marjolein.memelink.iversen@hvl.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS