Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Fast 50 % stilling som høgskulelektor i naturfag

Søknadsfrist: 09.10.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har om lag 270 tilsette og om lag 3200 studentar. Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, samt PhD-utdanning innan datateknologi. Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling forskar på innovasjon og tilbyr masterutdanning innan innovasjon og entreprenørskap. Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning.


Hovuddelen av fakultetets verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men vi tilbyr også desentralisert utdanning i Florø, Kristiansund og på Stord.


Fakultetets verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.


Institutt for miljø- og naturvitskap har om lag 250 studentar og 40 tilsette frå 12 nasjonar. Instituttet tilbyr bachelorutdanningar i fornybar energi, geologi og geofare, og landskapsplanlegging med landskapsarkitektur, masterprogram i Climate Change Management, og semesterprogramma From Mountain to Fjord og Geohazards and Climate Change. Forskinga femner om tema som; energisystem og produksjonsteknologiar, energiøkonomi, berekraftig utvikling, klimaendringar, bre-dynamikk og hydrologi, skred og flaum, berggrunns- og strukturgeologi, økologi, forvaltning og skjøtsel av kulturlandskap, og arealbruk og landskapsøkologi.

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har ledig fast stilling i 50 % som høgskulelektor i naturfag

Om stillinga:

Stillinga er lagt til Institutt for miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet med tilsetting frå januar 2021. Instituttet underviser og forskar på klimaendringar, geologi og geofare, økologi, fornybar energi, planlegging og berekraftig utvikling.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Den som vert tilsett i stillinga skal undervise i naturfag ved lærarutdanninga (barnehagelærar- og grunnskulelærarutdanninga) ved Høgskulen på Vestlandet og knyte undervisninga i naturfag opp mot ressursane til vitensenteret ViteMeir som opnar hausten 2021, og delta i forsking innan restaureringsøkologi ved instituttet.

Arbeidsstaden er campus Sogndal

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • mastergrad i botanikk eller økologi
  • erfaring med undervisning i naturfag på universitet- eller høgskulenivå

Anna kompetanse som vil bli vektlagt:

  • forskingserfaring på problemstillingar knytt til restaureringsøkologi
  • kompetanse og erfaring i floristikk og utebasert undervisning
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Søkjaren bør skissere aktuelle forskingstema i søknaden.Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som fleksibilitet, evne til å ta initiativ og engasjement.

Den som vert tilsett må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk. Søkjarar må i tillegg dokumentere utdanningsfagleg kompetanse i tråd med føringane i Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1008 - høgskulelektor

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynsket ikkje vert teke til følgje.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Instituttleiar Tarald Seldal, tlf 57 67 62 40 e-post: tarald.seldal@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS