Vikariat som høgskulelektor / høgskulelærar innan sjukepleie - campus Stord
Søknadsfrist: 16.10.2022
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.
Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.
Ved institutt for helse- og omsorgsvitskap er vi om lag 210 tilsette og om lag 2400 studentar fordelte på studiestadane Førde, Bergen, Haugesund og Stord. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie og masterstudium i klinisk sjukepleie med sju ulike fordjupingsområde. I tillegg har vi masterstudium i jordmorfag, masterstudium i samhandling og folkehelse, masterstudium i avansert klinisk allmennsjukepleie og master i sjukepleie - kliniske spesialitetar, samt ei rekkje vidareutdanningar. Forskinga vår er retta mot å styrke kunnskapsgrunnlaget innan klinisk sjukepleie, kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenester, folkehelse og livsstil samt utdanningskvalitet.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig 100 % mellombels stilling som høgskulelektor/høgskulelærar innan fagområde sjukepleie ved Fakultet for helse-og sosialvitskap – campus Stord
Stillinga er knytt til Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt helse- og omsorgsvitskap, fagseksjon bachelor sjukepleie, campus Stord.
Stillinga er i hovudsak knytt til bachelor i sjukepleie, men ein må også rekne med undervisnings- og rettleiingsoppgåver på andre studietilbod i instituttet.
Vikariatet er ledig i perioden 01.01.2023 - 31.12.2023
Ansvars- og arbeidsområde:
Undervisning, rettleiing og evaluering innan fagområde helsefag og emne knytt til fagseksjonen sine studieprogram og fakultetet sine forskingsprofilar
Bidra til forsking knytt til fagseksjonen sine studieprogram i tillegg til fakultetet sine forskingsprofilar
Bidra innan dei ulike faglege institusjonsbyggande oppgåvene, som til dømes studiekoordinering, emneansvar og utvikling av forskingsgruppene
Praksisrettleiing
Rettleiing SimArena
Samarbeid om utdanning og forsking internt i høgskulen, og med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar
For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha relevant mastergrad innan fagområdet. Interesse og motivasjon for å oppnå førstekompetanse blir vektlagt
Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid og varierte undervisningsformer frå undervisning og rettleiing i høgare utdanning
Relevant klinisk erfaring og praksisnær kompetanse
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller skandinavisk språk i tillegg til engelsk
God IKT-kompetanse
Ønska kvalifikasjonar:
Erfaring frå spesialisthelsetenesta og/eller akutt og kritisk sjuke
Erfaring frå kommunehelsetenesta, helsefremjande og førebyggande arbeid
Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, som til dømes erfaring med å skaffe ekstern finansiering og med utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt saman med praksisfeltet
Erfaring med internasjonalt samarbeid og/eller arbeidserfaring
Erfaring med undervisning og rettleiing i høgare utdanning
Personlege eigenskapar:
Sjølvstendig og ansvarleg
Positiv innstilling og god evne til å samarbeide med både studentar og kollegaer
God evne til formidling
Engasjement og interesse for fagleg utvikling
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.
Aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som høgskulelektor/høgskulelærar er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1008 høgskulelektor / 1007 høgskulelærar.
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.