LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Høgskulelektor i matematikk eller fysikk

Søknadsfrist: 08.08.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 700 årsverk og 16 600 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har om lag 300 tilsette og om lag 3200 studentar. Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, samt PhD-utdanning innan datateknologi.

Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling forskar på innovasjon og tilbyr masterutdanning innan innovasjon og entreprenørskap. Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning.

Hovuddelen av fakultetets verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men vi tilbyr også desentralisert utdanning i Florø, Kristiansund og på Stord.

Fakultetets verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig mellombels stilling som høgskulelektor i matematikk eller fysikk ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap.

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei midlertidig 100 % stilling som høgskulelektor innanfor fagområdene matematikk og fysikk i perioden 01.09.2021-30.06.2023.

Stillinga er knytt til Fakultet for ingeniør og naturvitskap, campus Haugesund.

Ansvars- og arbeidsområde:

Oppgåvene knytt til stillinga er undervisning i matematikk og fysikk på realfagskurs for ingeniørutdanningen. Kurset er nett- og samlingsbasert med samlingar på Stord. Det vil vere trong for å utvikle nettressurser i tillegg til å ha meir tradisjonell undervisning på samlingane. Realfagskurset kvalifiserer for opptak til 3-årig ingeniørutdanning for dei som har generell studiekompetanse.

Undervisning på realfag i ingeniørutdanninga som skal ha samlingar på Stord i studieåret 2022/2023 og andre undervisningsoppgåver på realfaga i ingeniørutdanninga i Haugesund kan og vere aktuelt. Kvaliteten på undervisninga i grunnemna er svært viktig for fakultetet. Instituttet ønskjer at realfagsgruppa skal bidra til å auke forståinga for rolla til realfaga i ingeniørutdanninga.

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

Formell utdanning og kompetanse:

  • Mastergrad eller hovudfag i matematikk eller fysikk eller nærliggjande, relevant fagområde
  • Undervisningskompetanse i matematikk og fysikk
  • Den som vert tilsett må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk

Ønska Kvalifikasjonar

  • Undervisningserfaring
  • Formell pedagogisk kompetanse
  • Erfaring med nettundervisning og digitale plattformar
  • Erfaring med programmering

Personlege eigenskapar:

  • Evne til samarbeid med kollegaer og studentar innan teknologi
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Gode formidlingsevner

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • vitskapleg arbeid (inntil 15 stk)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • attestar og vitnemål
  • dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse.

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga er større enn 15MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.

Aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga som høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1008 - Høgskulelektor

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar blir varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson(-er) ved Høgskulen på Vestlandet:

  • Assisterende instituttleder: Brit Julbø +47 52 70 27 30 eller +47 452 67 599, Brit.julbo@hvl.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS