Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Prosjektleiar for campusutvikling

Søknadsfrist: 10.05.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil. Samspel, berekraft og nyskaping er kjernen i vår faglege profil.

Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering er plassert organisasjonsdirektøren si linje.


Eininga har i dag om lag 50 tilsette, med IT som det klart største tenesteområdet. I tillegg har vi ansvar for organisasjonsutvikling, leiarutvikling og dokumentforvaltning. Vi skal både hjelpe fageiningane direkte, og indirekte via utvikling av effektive administrative arbeidsformer. Sentralt i dette står arbeidet med å utvikle digitale løysingar knytt til alle våre oppgåver.

Omstillingsarbeid er også i stor grad organisasjonskulturarbeid. Eininga har dette som særleg fagleg ansvar, og driv omfattande utvikling av leiarar og leiing.

Høgskulen på Vestlandet har ledig stilling som Prosjektleiar for campusutvikling

Høgskulen på Vestlandet skal vidareutvikle våre fem campus som levande og framtidsretta arbeids- og studiestader. I dette arbeidet er samspel med arbeids- og næringslivet på Vestlandet strategisk viktig. Campusutvikling er ein viktig del av vårt arbeid med å skape det nye universitetet på Vestlandet.

Campusutviklinga skal knytast til våre faglege utviklingsmål. Den skal vere innretta slik at den styrker våre kjerneoppgåver; utdanning, forsking og formidling. Det vil vere eit breitt anlagt arbeid, som ser fysiske rammer, fagleg utvikling og studie- og arbeidsmiljø i samanheng. Dette skal vi gjere i tett samhandling med våre omgjevnader. Målet er å utvikle strategiar og identifisere tiltak som vidareutviklar våre fem campus.

Vi søker etter ein erfaren prosjektleiar med sterk motivasjon for å leie Høgskulen sitt arbeid med campusutvikling.

Dette er ei to-årig prosjektstilling i 100%, som vil vere plassert i avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering.

Arbeidsstad for stillinga kan vere ved eitt av dei fem campus ved HVL; Førde, Sogndal, Stord, Haugesund eller Bergen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Prosjektleiaren vil få ansvaret for leie arbeidet med ein campusutviklingsstrategi for HVL. Strategien skal utformast med berekraft, nyskaping og samspel som viktige element. Samhandling med arbeidsliv, region og studentar skal stå sentralt.

Prosjektleiar skal vidare koordinere arbeidet med tiltaksplanar for utvikling av HVL sine fem campus.

Prosjektleiaren skal sikre at arbeidet med campusstrategi og tiltaksplanar er tydeleg kopla til:

  • faglege utviklingsmål i fakulteta
  • mål for utvikling av dei administrative tenesteområda
  • planar for utvikling av areal- og infrastruktur ved våre fem campus

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • du har mastergrad innan relevant fagområde
  • du kan dokumentert erfaring som prosjektleiar for større utviklingsprosjekt
  • du har erfaring frå arbeid med endring og omstilling
  • du har god kunnskap om arbeids- og næringslivet i Vestlandsregionen
  • du har god forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag
  • du har god organisasjonsforståing
  • du har ei tydeleg munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • du har erfaring med utgreiingssaker
  • du har erfaring frå og/eller god kunnskap om universitets- og høgskulesektoren

Personlege eigenskapar:

  • du har ein motiverande og inkluderande arbeidsstil
  • du legg vekt på samarbeid og medverknad
  • du har evne til å jobbe strategisk i eit heilskapleg perspektiv
  • du er initiativrik, og jobber sjølvstendig og resultatorientert
  • du har gode kommunikasjonsevner, og bygger tillit og skaper gode samhandlingsrelasjonar internt og eksternt
  • du taklar høgt arbeidspress, er løysingsorientert og handterer samansette oppgåver godt

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som prosjektleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode seniorrådgjevar - 1364.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Organisasjonsdirektør, Tage Båtsvik, +47 53 49 14 05 / +47 45 42 69 24

2) Avdelingsleiar, Wiggo Hustad, +47 57 67 61 65 / +47 97 19 87 87

Søk stilling

Powered by Labrador CMS