LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Avdelingsleiar for Avdeling for samfunnskontakt - arbeidsliv og livslang læring

Søknadsfrist: 15.09.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem kampus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og naturfag, lærarutdanning og økonomi, samfunnsfag og maritime studier.


HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Høgskulen på Vestlandet har ledig stilling som avdelingsleiar for Avdeling for samfunnskontakt - arbeidsliv og livslang læring

Frå 1. september 2021 etablerer vi avdeling for samfunnskontakt- arbeidsliv og livslang læring.

Avdelinga skal vere pådrivar for å vidareutvikla eksternt samarbeid, styrke høgskulen sin posisjon i regionen og synleggjere HVL som ein vesentleg kunnskaps- og kompetanseaktør. Avdelinga skal bidra til at våre fagmiljø er attraktive samarbeidspartnarar for privat næringsliv og offentlege verksemder. Avdelinga vil få eit særskilt ansvar for å støtte fakulteta sitt arbeid med å utvikle studietilbod i eit livslangt læringsperspektiv, og tilby fleksible utdanningar. Avdelinga har vidare ansvar for støtte til planlegging, synleggjering og gjennomføring av interne og eksterne arrangement og konferansar i HVL.

Vi søkjer etter leiar for avdelinga, som er motivert for å bygge og utvikle den nye avdelinga. Vi søkjer etter ein tydeleg leiar, med kjennskap til høgare utdanning og eit sterkt engasjement for høgskulen sitt samfunnsoppdrag.

Stillinga kan ha arbeidsstad ved eitt av høgskulen sine fem campus.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Leie avdeling for samfunnskontakt- arbeidsliv og livslang læring.
  • I nært samarbeid med dei fire fakulteta i HVL skal ein:
    • Etablere og vidareutvikle nettverk, kontakt- og møteplassar med samfunns- og arbeidsliv, beslutningstakarar og politiske myndigheiter
    • Vidareutvikle det utoverretta samspelet med omverden, og legge til rette for innovasjon og entreprenørskap hos studentar og tilsette
    • Bidra til å styrke og tydeleggjere høgskulen som regional, nasjonal og internasjonal kunnskapsaktør gjennom å fremje samarbeid med nærings- og samfunnsliv i vestlandsregionen
    • Bidra til at høgskulen posisjonerar og styrkar sin identitet og rolle som profesjonshøgskule med arbeidslivsretta profil
    • Bidra til ei vidare profesjonalisering og auke i arrangement og konferansar ved HVL
    • Bidra til høgskulen si satsing på livslang læring og campusutvikling
  • Andre arbeidsoppgåver kan tilfalla stillinga

Mynde i stillinga er delegert frå prorektor for regional utvikling, og avdelingsleiar rapporterer til prorektor for regional utvikling

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Relevant høgare utdanning, helst på masternivå
  • Dokumentert kompetanse innanfor eitt eller fleire av stillinga sine funksjonsområde
  • Administrativ leiarerfaring og dokumenterte resultat frå leiarstilling
  • Erfaring frå arbeid med endring og omstilling
  • God digital kompetanse
  • God samfunnsinnsikt og interesse for sektoren sine bidrag i samfunnsutviklinga

Personlege eigenskapar:

  • Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad
  • Evne til strategisk heilskapleg perspektiv
  • Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og skape gode relasjonar internt og eksternt
  • Gjennomføringsevne og resultatorientering
  • Løysings- og utviklingsorientering
  • Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som avdelingsleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1060 - avdelingsdirektør.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg, som attestar og vitnemål, er lagt inn innan fristen. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettjingar. Dersom vedlegga til saman overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkjarlista (jf. offentleglova). Søkjaren vil bli varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Prorektor for regional utvikling Geir Kåre Resaland, E-post: Geir.Kare.Resaland@hvl.no, Mobil: 416 21 333

Søk stilling

Powered by Labrador CMS