LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Studie- og praksiskonsulent - Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Søknadsfrist: 03.02.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kutlur og idrett (FLKI) har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitutsjonane i landet med rundt 6 200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Forskingsaktiviteten ved fakultetet vert organisert i forskingsprogram og forskargruppar.


Studieadministrasjonen ved FLKI har 27 tilsette fordelt på tre campus; Bergen, Sogndal og Stord.

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei mellombels seniorkonsulent-/prosjektstilling i 100% i perioden 01.03.2021 - 28.02.2023, med mogeleg forlenging, i studieadministrasjonen ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Sogndal.

Om stillinga:

Til stillinga ligg ansvar for studierettleiing, sakshandsaming og praksisorganisering knytt til utdanningar på fakultetet. Stillinga vil ha særskilt ansvar for å rettleie og leggje til rette studieløp for studentar som ønskjer å ferdigstille tidlegare grunnskulelærarutdanning og vil innebere samarbeid med fagmiljø og administrasjon på fleire campus. I tillegg vil delar av stillinga vere knytt til praksisorganisering i utdanningar på campus Sogndal. Stillinga krev stor grad av sjølvstende og gode samarbeidsevner.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Rettleiing av studentar i studieadministrative saker
  • Sjølvstendig sakshandsaming
  • Utarbeide individuelle utdanningsplanar for studentar
  • Koordinerande oppgåver og praktisk tilrettelegging i studieprogram
  • Organisering og koordinering av praksis ved utdanningar i fakultetet
  • Informasjonsarbeid retta mot studentar, tilsette og eksterne samarbeidspartar
  • Samhandling mellom einingar i og utanfor fakultetet
  • Kvalitetssikring og administrativt arbeid med studie- og emneplanar
  • Kvalitetssikring av studieadministrative rutinar

Andre relaterte ansvarsområde og arbeidsoppgåver kan også vere aktuelle.

Kvalifikasjonskrav:

  • Høgare utdanning på minst bachelornivå. Relevant erfaring/realkompetanse kan kompensere for utdanning
  • Relevant arbeidserfaring
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • God digital kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå universitets- og høgskulesektoren
  • Kjennskap til lærarutdanningane

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig og ansvarleg
  • Strukturert og ryddig
  • Løysingsorientert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som studie- og praksiskonsulent er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1363 - seniorkonsulent.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Studieadministrativ leiar Eli Borsholm, tlf.: 55 58 59 57 / 920 29 150, e-post: eli.borsholm@hvl.no

2) Teamleiar studie Trude Myklebust, tlf.: 55 58 59 74 / 975 64 428, e-post: trude.myklebust@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS